Tag: ungdom

To pandemiar for prisen av ein

Åtvaring 1: Dette innlegget ber preg av at eg ikkje har prata med så mange dei siste dagane.

Åtvaring 2: Dette er første gong eg har vurdert ein liten trigger warning, for her skal det altså handla om epidemiar.

Det klør nok i alle sin indre hypokondar no for tida. For vår del er den største sorga at me ikkje fekk kjøpt nok cola før me byrja å hosta, men som nesten resten av landet har me no bunkra oss inne, to vaksne og ein fugl. Den siste er godt kjend med karantenekonseptet, så for han er ikkje kvardagen så annleis. Dagane er travle med heimekontor og læring av nye undervisningsmetodar, men noko får ein jo gjort likevel, mellom Zoom, YouTube og MediaSite. Som mange andre har eg gjenoppdata det fulle potensialet i omgrepet “fritid”. Ukulele, vasking av klede (definisjonen av Sisyfos-arbeid), lesing av bøker, snakking om bøker og skriving om bøker. Desse bøkene har eg tenkt å skriva om lenge. For meg har dei gått frå spanande og uhyggjelege til “hm, kanskje litt aktuelt?” til “brennaktuelt”. Og her deler me oss nok i to leirar. Dei som treng å kjenne på det skumle, og dei som prøver å unngå det. I desse bøkene døyr nesten alle, og igjen står det berre nokre få ungdomar igjen, som må prøva å etablera ein slags normal.

Ved sidan av hypokondaren bur det ei skikkeleg pyse. Eg har for eksempel til gode å sjå ein heil skrekkfilm i strekk. Sjå til dømes på filmatiseringa av Roald Dahl sin Heksene, som eg meiner MÅ vera ein skrekkfilm – hallo, det er ei heksedame der som kler av seg ansiktet sitt! Men det er litt godt med filmar av bøker som er skumle fordi dei er så ulike røynda. Like enkelt er det ikkje i I morgon er alt mørkt (Sigbjørn Mostue) eller Ett sekund om gangen (Sofia Nordin – fått av forlaget -). Det er ingen som tek av seg ansiktet for å avsløra ekle, rottete heksefjes. Det sentrale plottet i begge trilogiar tek utgangspunkt i ein mystisk feber som sprer seg, sakte men sikkert.

 

Sigbjørn Mostue sin serie, I morgen er alt mørkt, startar med Brages historie. Der får me høyra om ein pandemi som startar i eit land langt vekke. Først i Kina, så i Europa, så i Norge. Dette er ein feber som gjer folk forrykte, ein slags zombietilstand der dei som er råka vert overvelda av eit primitivt sinne. Dei er livsfarlege for kvarandre, og den einaste måten å overleva dei forrykte på, er å drepa dei. Dette gjeld uansett kven det er, til og med om det er faren din. Brage forstår at han ikkje er trygg nokon stad. Når foreldra vert forrykte legg han på sprang. Saman med nokon han kjenner, men møter meir eller mindre tilfeldig, kjem han seg til barndomshytta. Redsla for å bli smitta av viruset er dominerande, men samtidig må dei få etablert eit samhald. Dei må vera sterke saman for å få mat, og for å stå mot viruset. Hugsar de at eg sa at den einaste måten å bekjema dei forrykte på er å drepa dei? Brage er ein interessant protagonist, som må ta stilling til mange dilemma. Enkelte vert nokså absurde i det nye tilveret. Den neste boka er skriven frå Marlen sitt perspektiv. Dei er i same reisefølgje, og det er ein del motstand mellom dei. Eg høyrde både Marlen og Brage sine forteljingar på Storytel, og Sigbjørn Mostue er ein glimrande opplesar. Den siste boka, Når historien slutter, er litt for hektisk for min smak, men absolutt verdt lesinga!

 

 

 

 

 

 

 

 

I Ett sekund om gangen veit me ikkje like mykje om fara som trugar. Hedvig har flykta frå byen. Alle ho kjenner er døde av ein feber som kom heilt plutseleg. Ho slit med minnet om veslebroren, med dei febersvette krøllene, som ho måtte forlata. Ho flyttar inn på ein gard som står tom. Naturfagslæraren tok dei med dit ein gong, og det er både hestar og kyr der. Hedvig kan ingenting om korkje hestar eller kyr, men det er bøker om gardsdrift der, og ho klarar å skaffa både mat og drikke.

Plutseleg kjem det ei jente til på garden. Ho heiter Ella, og er heilt forskjellig frå Hedvig. Den eine er impulsiv, den andre er gjennomtenkt. Den eine snakkar lett og mykje, den andre er sjenert og tilbakehalden. Før febaren hadde dei ikkje vorte venner, men slik det er no er det ikkje så mange å velja mellom. Saman skal dei prøva å starta ein heilt ny kvardag. Bøkene er fulle av slike konfliktar som kan oppstå når folk som elles ikkje ville hatt noko med kvarandre å gjera plutseleg har eit dødsviktig prosjekt: å berga liva. Eg fekk som sagt Ett sekund om gangen som leseeksemplar, men ho var spanande nok til at eg kjøpte bok nummer to sjølv.

I både I morgon er alt mørkt og Ett sekund om gangen er det ulike forteljarstemmar i kvar bok. Det gjer at bøkene er svært varierte, men der både Brage og Marlen i I morgen er alt mørkt er engasjerande, er det ikkje tilfelle med alle karakterane i Spring så fort du kan. Utan å røpa for mykje, er karakterane i dei to første bøkene meir interessante og “likande” enn i den tredje. Den har eg ikkje noko stort behov for å lesa akkurat no, feber eller ei. Der Brages historie og Marlens historie får deg til å halde pusten, er heller ikkje Når historien slutter fantastisk, men dei to første bøkene gjer det umogleg å ikkje ha lyst til å finna ut korleis det gjekk. Det går utmerka godt an å lesa Sofia Nordin sine bøker uavhengig av kvarandre, og dei er både spanande og underhaldande. Litt ekstra spanande no. Det er noko uimotståeleg med ungdomsdystopiar. Dei har eit forlokkande element av “tenk viss” i seg. Sjølv om eg har kjent litt på både pysa og hypokondaren er eg ganske avslappa, men det er ikkje like “tenk viss”-ete no som det var i januar, då eg las ferdig Spring så fort du kan. Heldigvis er me framleis trygge for zombiar. Men det skulle eg kanskje ikkje ha sagt?

Ønskeglobusen

Av og til lurar eg på om eg er ein kald fisk. Eg græt nemleg sjeldan av bøker. Men denne boka, den burde koma med ei åtvaring. I dag har eg innvilga meg sjølv¹ ein sånn grådag der ein berre tek med seg dyna ut på sofaen og les. Og det passa godt, for då vart det ingen heime som kunne høyre meg snufsa meg gjennom Det magiske hjertet.

Charlotte, Roberta si bestevenninne, vart føydd med ein alvorleg hjartefeil. Ho vert dårlegare og dårlegare, heilt til det berre er eit nytt hjarte som kan redda henne. Men kor kan ein få tak i eit slikt hjarte? Roberta er rådlaus heilt til morfar Horatio, som har vore sjømann og sett litt av kvart, tek henne med på auksjon. Der ser dei ein rar, gamal globus. Morfar Horatio seier at den er magisk. Viss du tenner lyset i globusen vil lysstrålen få sitt eige liv. Du må få tak i jord eller vatn frå alle dei fem landa stråla skin på: Israel, Japan, Tadsjikistan, Brasil og Antarktis. For dei er begge sinte på og redde for døden:

ROBERTA OG CHARLOTTES DØDSLISTE
Hvorfor døden er så grusom

Fordi den varer så lenge.
Fordi man kanskje blir glemt etterpå.
Fordi foreldrene våre – og mange andre – blir kjempetriste.
Fordi det kanskje er vondt å dø.
Fordi man ikke vet hva som skjer etterpå.
Fordi døden kan komme når som helst.

For hundre år sidan las eg ei bok eg aldri har gløymt. Landet der tiden var borte er ei fantastisk forteljing om Lise. Bestevenninna har akkurat døydd, og Lise er sint. Ho vil ikkje verta vaksen. Ho vil ikkje at verda skal gå vidare. Når ho hoppar frå eit epletre, vert ho i staden henta av ein gribb. Han tek henne med til eit land der tida nullstillar seg sjølv kvart år. Tida går ikkje vidare. Ingen vert vaksne. Då eg las om Det magiske hjertet tenkte eg at boka måtte likna på Klaus Hagerup sin roman. At det skulle handla om død, frykt, sorg, magi.

Eg trur det var ordet “magisk” som fekk meg til å gå ut frå ein heil del ting: Dette skulle handla om parallelle verder og magiske redningsoppdrag. Slik er det å vera ein dum vaksen (eg meiner ikkje at eg er dummare enn andre vaksne, men at av og til er me vaksne ganske dumme). Roberta skal ynske seg at Charlotte skal få feira nittiårsdagen sin. Ho må finna ut korleis ein skal få tak i nokon som kan ta med seg vatn heilt frå Antarktis og Tadjukistan, medan Charlotte vert dårlegare og dårlegare. Eg venta på at gribben skulle koma og ta Roberta med på eit magisk eventyr der alt ordna seg, men det er ein annan magi som verkar i denne boka.

Det er eit par bøker frå barndomen som eg ikkje gløymer. Klaus Hagerup og Jostein Gaarder står bak dei fleste av dei. Eg har lese eit par av kriminalromanane til Kristina Ohlsson (det held med den fyrste, dei andre vert dårlegare og dårlegare), men denne sjangeren kler henne langt betre. Ho skriv tydeleg om store kjensler, og ikkje minst skriv ho til ei målgruppe ho kjenner og respekterer. Eg trur at denne kan vera ei sånn bok for nokon som Landet der tiden var borte er for meg. Dette er ei sånn ordentleg god bok. Den kan vera ekstra god for born og yngre ungdom som må takle sjukdom og frykt, men det er ei spanande historie som vil passa til alle. Vil Roberta få ordna alt i tide?

Og for vaksne kan det vera alt dette. Men sørg for at du er heime åleine først.

Leseeks.

¹Ikkje jobbskulk altså, eg arbeider deltid.