Tag: teikneserie

Fun Home

I 1980 vert Bruce Bechdel påkøyrd. Det kan ha vore eit uhell, men dottera, Alison Blechdel, meiner at det må ha vore eit sjølvmord. Han bar på ei dårleg skjult hemmelegheit. Me får tidleg vita at han har hatt sex med fleire unge tenåringsgutar, og forfattaren får eit nytt syn på alle gutane som gjekk inn og ut av den plettfrie barndomsheimen. I denne sjølvbiografen prøver ho å verta betre kjend med faren sin.

Gjennom å undersøkja faren, tek ho oss med seg på ei reise i forfattaren sitt liv, og søkinga etter seksuell identitet. Sjølvbiografien Fun Home er ei danningsforteljing, Ho startar med eit minne om å leika fly med faren:

Myta om Ikaros og Daidalos vert anslaget for forteljinga, og eit motiv ho ofte kjem tilbake til. Labyrinten var Daidalos sitt meisterverk. Ikkje ein labyrint, men labyrinten. Han vert sjølv fanga, saman med sonen. Han gir Ikaros vengjer. Trass åtvaringa frå faren, flyg han for nær sola, og døyr. Daidalos gir sonen både nøkkelen til fridom, og årsaka til undergangen.

Sjølv om dette strengt tatt ikkje er eit strukturerande prinsipp, er det ein av fleire allusjonar som kan gi eit nytt perspektiv på forholdet mellom far og dotter. Allusjonane i seg sjølv kan vera ei kopling av det Bruce og Alison delte: stor vitelyst og ei meisterleg litterær innsikt. Overalt ser ho etter parallellar, mellom faren og Wilde, mellom Joyce, mellom Bruce og Alison, og så vidare. Slik prøver ho å skapa meining på fleire vis, både med tanke på rolla faren spelte i sitt eige liv og sin eigen død:

Me møter ikkje eit nært far-dotter-forhold, men ei som famlande prøver å forstå seg sjølv gjennom faren. Sjølv om eg får Fun Home til å høyrast ut som ei bok som er skriven meir i moll enn i dur, ligg Bechdel sin sardoniske humor rundt forteljinga som eit mjukt teppe. Eg les mykje kjærleik i boka, om enn på avstand. Dette er ein fin teikneserie for ikkje-teikneserielesarar, som meg.

My Friend Dahmer

Eg held på med ei (evigvarande) litterær danningsreise, der eg mellom anna prøver å utvida horisonten til å inkludera nye sjangrar. Teikneseriar for vaksne er litt framand for meg. Teikningar? Supert! Tekst? Hallo! Kominasjonen mellom dei to, derimot, krev øving, og øving er diverre ikkje noko eg er særleg god på. Men av og til vert manglande innsatsvilje overkøyrd av forlokkande titlar. Eg spionerte i bokhylla til ein kollega, og kom over ein slik tittel. Dette er ei bok om Jeffrey Dahmer: Amerikansk seriemordar, valdtektsmann og nekrofil kannibal. 17 liv på samvitet, viss han hadde noko slikt. Det er umogleg å tenka på slike folk og sjå anna enn ettermælet. Tittelen, My Friend Dahmer, verka umogleg. Tilrådinga kom med eit atterhald om at dette var bestialske greier. Perfekt sommarlesing, med andre ord.

Boka er teikna og skriven av Derf (John) Backderf. Etter at Dahmer vart avslørt i 1991, starta Backderf å bearbeida minna frå ungdomstida. Han skriv og fortel både om det han merka seg med sjølv, og det han har fått frå andre kjelder. Gutane såg at det var noko creepy med Dahmer, men det er eit langt steg frå å vera creepy til å valdta, drepa og partera 17 gutar og menn. Dahmer var annleis, men ikkje den første på Revere High School dei hadde peika ut som seriemordar.

To you, Dahmer was a depraved fiend, but to me he was a kid I sat next to in study hall and hung out with in the band room. 

Ein del vert sett gjennom gutungane sine auge, andre ting har Backderf samla inn frå ulike kjelder (med kjeldeføring!). Totalt visar teikneserien ein tenåring som er fascinert av dyrekadaver, og som skremmer seg sjølv med tankar han veit er vonde. Eksperimenta hans vert sjukare og sjukare, og innimellom glipp den allereie ganske dårlege fasaden. Etter kvart drikk han seg full kvar skuledag for å undertrykka skremmande seksuelle lyster, utan at nokon vaksne ser ut til å bry seg særleg med det.

For nokon vart Dahmer ein prototyp på guten samfunnet svikta. Ein stakkarsleg misfit som ikkje vart sett eller forsvara av dei som hadde moglegheita til det. Klassekameraten avviser dette blankt. Vondskapen kan ikkje unnskuldast, han valde vegen sin sjølv: «Pity him, but don’t emphasize with him». Kan vondskapen forklarast eller unnskuldast? Gutane hadde ei kjensle av at det var noko annleis med Dahmer, noko creepy, men kven kunne vel ha tenkt seg til kva som eigentleg var på ferde? Teikneserien gir eit uhyggeleg innblikk i korleis det var å vera klassekompis med ein som gjekk frå å vera creepy til å verta ein av dei mest bestialske seriemordarane i amerikansk historie. 

Korleis seie noko vettugt om ein sjanger ein ikkje kan så mykje om? Det er vanskeleg å sjå vekk frå den openbart fascinerande historia, men verktøya Backderf brukar for å få ho fram er mektige. Den kraftige skuggelegginga understrekar uhygga. Han eksperimenterer med skuggelegging og perspektiv på ein måte som driv forteljinga og uhygga framover. Innslaga av små portrett og skisser Backderf teikna då han gjekk på vidaregåande bidreg til kjensla av å følga utviklinga i real time. 

 

 

 For å konkludera: Ei god gatewaybok for ikkje-teikneserielesarar.