Tag: snaplioteket

Cappelens Forslag: Ein serie (u)heldige hendingar

St. Hanshaugen, 18. desember

Pil Cappelen Smith

Cappelens Forslag er ein uavhengig bokhandel, eigd av Pil Cappelen Smith og Andreas Cappelen. Det er rett før jul, og her står eg i ein bokhandel i Bernt Ankers gate og prøver å gjera meg usynleg, medan eg angrar bittert på gårsdagens overmot. I høve ein heilt annan anledning hadde eg spurt om å få filma litt og stilla nokre spørsmål. Eg skal akkurat til å trekka tilbake til gråvêret utanfor, men eg ser at eg har vorte observert. Det er for seint å snu.

Ein høg mann presenterer seg med eit fast handtrykk og deilig skarre-r. Pil Cappelen Smith vaglar seg på ein stol som er akkurat litt for liten for dei lange beina. Han sit ikkje lenge om gongen.

– Berre vent litt!

 

Biletet er stole frå Dagens Næringsliv

Me vert stadig avbrotne av den jamne straumen med gjestar, nokon for å kikka, mange fordi dei er på utkikk etter ei spesiell bok. Bjella over døra kling stadig, og det er nesten vanskeleg å tru på den harde røynda som har ført til konk-o-meteret på utsida.

 

– Me har som mål å ta ut løn éin gong i år, seier Cappelen Smith.

– Det er enkelt å starta butikk, men det er vanskeleg å halda det gåande når marknadsføringa manglar.

For når han seier uavhengig, då meiner han u-av-heng-ig. Ingen forlagsaksjonærar, ingen tilknytning til Forlagssentralen. Dette fører med seg mykje fridom, men dei betala alle rkeningar sjølv. Som konk-o-meteret indikerer, er det lite igjen til store avisannonser. Resultatet er ei svært original marknadsføring.

Bøker og branding

Konversasjonsleksika

Cappelen Forslags Konversasjonsleksikon er eit tosidig prosjekt: 1) å gje ut eit kunstverk 2) gjera kunstverket og butikken uløyseleg knytta til kvarandre. Eit sjølvplukka utval skandinaviske forfattarar har bidrege med tekstar av ulik lengde. Sjølv om leksikonformatet er kjent for dei av oss som gjekk på skule før Google, er innhaldet i konversasjonsleksikonet skrive med eit anna mål i sikte. Pil snakkar i overskrifter:

– Med konversasjonsleksikonet ville vi laga ei bok som la ballen død ein gong for alle i debatten om e-bok vs. p-bok. Det føler eg at vi har klart!

– Sex er betre enn porno!

– Ikkje lag noko som er dårleg!

Cappelen Smith ville skapa ei sanseoppleving og ta tilbake det han meier er ein naudsynt komponent i lesinga: Taktiliteten. Dei nesten 3000 bøkene er bundne inn for hand av dei to bokbindarane som framleis er aktive i Oslo. Forslaget set kvalitet høgt, og ynskjer å gå nokre steg tilbake for å oppnå den same høge kvaliteten som bøkene hadde før me byrja å sjå på dei som forbruksvare. Dei har skapa eit produkt folk vil ha. Leksikonet og butikken styrkar kvarandre som varemerke, og det beste av alt: Dei har ikkje brukt ei krone på marknadsføring av korkje boka eller butikken. Boka er marknadsføringa.

Avbrot nummer 5: Ut frå eit bakrom som gir seg ut for å vera «Oslos hemmeligste cafe», kjem to menn i dress. Dei åtvarer meg: «Du må ikkje tru på noko av det han seier! Dette er berre eit skalkeskjul for kokainsalg!». Eit tidkrevande skalkeskjul, men ei mogleg forklaring på det lett hypomane engasjementet.

Avbrot nummer 10: Forfattar Karine Nyborg kjem inn med ein bærepose bøker.

– Dette må du hugsa å få med, ivrar Cappelen Smith.

Karine donerer fleire eksemplar av eigne bøker og seier at ho tykkjer at det er så koseleg at dei skal stå akkurat der.

– At forfattarar kjem inn på denne måten, ja… Det hender ofte.

Ei rekke (u)heldige hendingar

Eg får klemt inn eit ord. Ti ord.

– Kva er favorittbøkene dine av dei du har i butikken?

– Kan eg visa to? Må dei vera i butikken? Eg skal finna den eine, vent her!

Han spring heim. «Heim» er ikkje langt unna. Eg får ei anna bok i handa medan eg ventar, ei tysk utgåve av leksikonet. Leksikonet har offisielt gått internasjonalt, utan nokon anna marknadsføring enn eit godt rykte. Boka har vore omtalt i fleire utanlandske media, mellom anna El País. 

Noko andpusten kjem Cappelen Smith tilbake med Craig Clevenger’s The Contortionist’s Handbook. Historia han no skal fortelja syner påverknadskrafta til ein stor, liten butikk i Oslo. Det startar i 2006, når Pil kjem heim frå Amsterdam med ei bok i kofferten. Boka får stor personleg tyding for han, og ho er eit sjølvsagt val når Cappelens Forslag opnar i 2011. Ingen som les boka er misnøgde. Han får til og med kontakt med Clevenger, som er så begeistra for konversasjonsleksikonet at han skriv fleire tekstar. Pil får høyre at Clevenger har ei tredje bok på veg, men så skjer det tragiske. Det amerikanske forlaget har gått konkurs, og boka vil ikkje bli gitt ut på den amerikanske marknaden. Etter ein sørgeperiode, kjem Pil over fantastiske nyhende: Boka kjem ut på fransk!

Pil publiserer ei gledesmelding på Facebook. Og så skjer det utrulege, eit sånn lukkeleg treff som berre skjer i dei små, uavhengige butikkane. Théophile Sersiron, den franske utgivaren, skriv:

I may have discovered and bought my first copy of The Contortionist’s Handbook at Cappelens Forslag a bunch of years ago when I was living in Oslo and regularly browsing your shop. Which lead to us publishing it in French. Which then lead to the object of your post. So you can add that to your list of achievements.

Slik har butikken, leksikonet og eigarane spelt ei direkte rolle i utgivinga av Mother Howl av Craig Clevenger. Butikken sin uavhengige posisjon gjer dei i stand til å ta sjølvstendige val, og vala får ringverknadar. Ei serie hendingar har ført til ei ny utgiving. Men det mest fantastiske er å sjå seg rundt i rommet som var tomt for fem minutt sidan, som no er fullt av unge jenter med mobiltelefonar, vaksne menn i fornuftige jakker og Oslo-slaps.

Og i desember peika pila mot lønn.

Dette intervjuet var eigentleg eit snap-innslag, men på grunn av mange følgjespørsmål har eg skrive det ned i ettertid. Det spørsmålet som går att mest er “Har Cappelens Forslag fleire bøker igjen av The Contortionist’s Handbook?,” eit spørsmål de godt kan stilla bokhandelen sjølv, for eksempel på Facebook.