Tag: skodespel

Om Gengangere og andre spøkelse

Det har vore stilt her, men det betyr ikkje at eg ikkje har lese. Noko av rein lyst, men ein del i jobbsamanheng, slik som dette stykket. Eg har ikkje hatt lyst til å skriva om dei før etter forelesingane. 

Gengangere er eit samtidsdrama frå 1881. Eit par stikkord før du sovnar: Incest, utruskap, dobbeltmoral, ein brennande barneheim. Vaken no? Godt. Ibsen er ikkje keisam!

I den første akta møter me Helene Alving, lukkeleg over at sonen Osvald har kome tilbake frå Paris, men Osvald er trøytt. Etter kvart viser det seg at han har fått ein sjukdom som har gått til hjernen. Ordet syfilis vert aldri nemnt, men det er brei semje om at det er nettopp dette Osvald har fått. Ein kjønnssjukdom som han kan ha pådratt seg sjølv gjennom det utsvevande kunstnarlivet eller som arv, sjølv om mora har jobba hardt for at Osvald ikkje skal arva eit øre etter far sin.

PASTOR MANDERS. Da Osvald kom der i døren med pipen i munnen, var det som jeg så hans far lyslevende.
OSVALD. Nei virkelig?
FRU ALVING. Ah, hvor kan De dog si det! Osvald slekter jo meg på.
PASTOR MANDERS. Ja; men der er et drag ved munnvikene, noe ved lebene som minner så grangivelig om Alving – iallfall nu han røker.
FRU ALVING. Aldeles ikke. Osvald har snarere noe prestelig ved munnen, synes jeg.

Osvald har høge tankar om far sin, men fru Alving veit noko anna. Ho kjenner til utruskap, eller kanskje overgrep, til fyll og rør. Ein gong forlot ho han, men etter overtaling frå pastoren, Manders, kom ho tilbake for å leva eit dydig liv saman med mannen ho ekta. Ho flyktar aldri frå fortida, og let difor fortida innhente både ho og Osvald.

Når ein høyrer namnet «Ibsen» går mange sine tankar umiddelbart til kostymedrama med størkna replikkar og ditto innhald. Då passar det seg å minna om at for eksempel det å driva dotter si ut i prostitusjon ikkje er heilt kosher i dag heller. Det er ei vanleg misforståing at Ibsen er så frykteleg gamaldags, sikkert litt fordi dei fleste stiftar og avsluttar kjennskapen med dramatikaren rett før planlegginga av russetida verkeleg tek fart. Gengangere er eit eksplosivt stykke, både når det kjem til dei strukturane som kjem fram – er dei ikkje gyldige i dag og? – og på det reint kjenslemessige nivået.

 I Gengangere tek Ibsen for seg friske tema som mellom anna arvesynd, laus seksualmoral og borgarleg dobbelmoral. I etterordet til denne utgåva skriv Tore Rem at dette var dåtidas sataniske vers. Han viser til ei veldig artig omtale, der Henrik Jæger meiner at stykket er patologisk og skriv at ein like godt kunne ha opna «Rigshospitalet mod en passende entré». Han vert skulda for å skildra all livets elende «berre fordi», stykket hadde ikkje nokon moralsk effekt eller verknad, og difor ingen funksjon utanom å visa det groteske og umoralske. I eit forsvar skriv Amalie Skram seinare at det ikkje er han som har skapa dette elendet, han berre viser det fram. Det lønner seg sjeldan å vera forut for si tid, sjølv ikkje for Ibsen, og stykket kosta han djupt. Det er kanskje vanskeleg å førestilla seg nøyaktig kor provoserande («patologisk») stykket var, men det er ikkje vanskeleg å bli gripen av dei stengsla dei fem ulike karakterane er fanga i. 

Mange meiner at medan Et dukkehjem viser ei som bryt ut av eit ulukkeleg ekteskap, viser Gengangere korleis det kan gå når ho vel å bli. Det tykkjer eg er interessant. Nora Helmer sin fridom var (og er i mange land) svært provoserande, men når Ibsen utforskar følgene av å ta eit anna val ser ein at konsekvensane av dette er mykje verre. Fru Alving prøver å flykta frå ekteskapet, men vert overtydd til å venda tilbake av moralens vaktar, pastor Manders. Når pliktkjensla til Helene Alving får henne til å bli verande, som ei god hustru, lar ho alt halda fram som før. Ingenting av det som foregår kan bli endra på, for ingen vedkjenner at noko er gale. Dei gamle spøkelsa, overtrua, handlingane, fedrene sine synder som «hjemsøker børnene». Ved å sjå på figurar som pastor Manders rørte Ibsen ved sjølve borgarskapet, ei innflytelsesrik gruppe som stort sett hadde fått gå i fred. Elles så kan ein berre sjå på fru Alving sitt dilemma eller Osvald si store tragedie, og la det vera det det er. Ein treng ikkje å analysera stykket for å nyta det (sjølv om det vert enno meir spanande då, helsing nerden).

Eg er glad i Ibsen. Det vil seie, eg er glad i dei realistiske samtidsdramaa og særskilt Vildanden. Peer Gynt er interessant (her kan du sjå kva eg skreiv om Fosse si attdikting), men meir interessant enn emosjonelt engasjerande. Samtidsdramaa stiller i ei anna klasse. Samtidsdramaa er framleis aktuelle og provoserande, men det er vanskeleg å sjå føre seg kor provoserande desse borgarlege dramaa faktisk varDet er mange ting å ta tak i med Gengangere, alle interessante, men dei fleste fordrar at du har lese stykket. Eg kjem difor ikkje til å gå inn på dei her, men ei utfordring viss du skal lesa det for første gong: Tittelen er ikkje tilfeldig. Det er mange formar for Gengangarar. 

Har du lese noko Ibsen av eigen, fri vilje? Er han aktuell? Er det noko å henta for dei som ikkje skal jobba med litteratur? 

Peer, no lyg du!

Eg har fått tak i eit eksemplar av Jon Fosse si omsetting av Peer Gynt. Han omsette (allernådigast) stykket til ei framføring på Det norske teatret i 2005. Då Samlaget tok kontakt for å gi ut stykket på nytt, takka han (allernådigast) ja. Omsettaren sitt etterord er sterkt prega av manglande engasjement for arbeidet. Ei meir fordelaktig tolking vil vera at han meiner at Ibsen skal lesast slik Ibsen skreiv det. Dette er eigentleg Jon Fosse som bearbeider Jon Fosse som har omsett Ibsen for 13 år sidan. Resultatet er ei lettare modernisert utgåva, tilpassa ei meir tradisjonell nynorsklinje enn utgangspunktet.

Resultatet er eit meir tilgjengeleg verk som for meg har ført til ei langt meir underhaldande og interessant lesing. For eksempel har eg vanlegvis sona ut når roadtripen tek til. Noko som er synd då dette utgjer både ein sentral del av stykket og ein god prosent av den fysiske boka. Eg har difor gått glipp av det mest underhaldande: Alle stikka til den nasjonalromantiske rørsla. Døme 1: Når Dovregubben finn ut at han ikkje kjem til å få ein einaste skilling frå Gynt går han til plan B, til «komedien. De søker i bladet nasjonale subjekt». Døme 2: Ivar Aasen si gjesteopptreden som Huhu, direkte frå dårekista. Det er mogleg at Ibsen hadde vore mindre enn begeistra for å skulle lesast på landsmaal enn det eg er for å kunne lesa han på nynorsk.

Peer Gynt er ei harselering over den norske sjølvgodskapen som kom fram under nasjonalromantikken. Men sjølvgodskap og sjølvtillit går sjeldan hand i hand, så på trass av ein del negative reaksjonar har lesestykket vorte ståande som eit eksempel på noko grunnleggjande norsk. Og det er jo eigentleg ikkje så positivt. Men det at noko er negativt treng ikkje å tyda at det ikkje er sant. Å ta mot Peer Gynt-prisen må vera ei tvilsom ære. Stykket har satt seg i folkesjela, men satiren er gløymt.

I eit heilt fantastisk verk, Tretten taler på Grini (som eg har forferdeleg lyst på, i tilfelle nokon har eit eksemplar), samanliknar Francis Bull Peer Gynt og Brand. Han viser oss at Peer Gynt kan vera sjarmerande i fredstid, men at dei mange veikskapane vert farlege når ein må ta stilling til seg sjølv. Slektskapen med Peer er tydeleg, og nokre gonger ubehagelege. Ibsen hadde ein viss type nordmann i tanken då han skapte Peer Gynt.

Og for ein type, då. Ein som røvar brura berre for å sjå om han kan, for så å gå i gang med god, gamaldags slut shaming. Ein som lyg, går utanom, og tenker så mykje på seg sjølv at han gløymer kven han sjølv er. Ein som brukar livet sitt på å ikkje verta konfrontert med seg sjølv. Det er først når knappestøyparen kjem for å støypa han om at han innser at han må finna seg sjølv, men kor er han då?

Tidleg i stykket vert Peer Gynt forført inn i Dovregubbens hall. Der får han eit val. Han ser at den tosidigheita han heile tida flørtar med ikkje er like vakker blandt trolla, der alt er vakre forvrengingar av ei grotesk sanning. Han får valet: berre eit lite rasp i auget, så slepp han å sjå alt det stygge. Det er eigentleg overraskande at han spring vekk frå dette tilbodet, for jakta etter å bli stormann – konge – keisar! er jo sjølve krafta som driv han vekk frå mor Åse, Solveig, Anitra, seg sjølv. Ved å bevara synet takkar han nei til å bli kongsson i Dovregubbens hall. Med andre ord kan det vera ei grunnleggjande trong til å halde fast ved noko av seg sjølv, men kvar gong han vert tvungen til å sjå seg sjølv i auget går han utanom. Og utanom. Og utanom. Eller så er det eit mindre nobelt ynskje om å sleppa å ta val som ikkje kan reverserast. Det er nettopp Gynt si drivkraft: Å sleppa å ta val i håp om å nå fram til graset som heilt sikkert er grønare på den andre sida.

Stakkars kvinnene som ventar og ventar. Stakkars mor Åse som ligg i armod og freistar å finna grunnar til kvifor sonen har vorte slik ein løgnhals. Er det ho som har satt griller i hovudet hans med alle eventyra og skodespela dei underhaldt seg med medan dei venta på at far Jon skulle koma heim? Peer tenker lite på den vesle mor si, det er først når ho døyr at han kjem på at han i det heile har ei. Det same med Solveig, som sit og grånar på ein knaus medan han er på ein ti-tjue-tretti år lang roadtrip der han røyker vannpipe og forfører Anitra-er. Og Ingrid, ho vert kasta vekk så fort han har brukt ho.

Det er vanskeleg å sei glupe ting om Peer Gynt som ikkje allereie har blitt sagt, eg kjem difor ikkje til å prøva. Først og fremst er dette underhaldande lesing i ei svært høveleg språkdrakt. Viss du går rundt med ein påtrengande trong til å lesa Peer Gynt kan du godt byrja her.