Tag: sakprosa

My Friend Dahmer

Eg held på med ei (evigvarande) litterær danningsreise, der eg mellom anna prøver å utvida horisonten til å inkludera nye sjangrar. Teikneseriar for vaksne er litt framand for meg. Teikningar? Supert! Tekst? Hallo! Kominasjonen mellom dei to, derimot, krev øving, og øving er diverre ikkje noko eg er særleg god på. Men av og til vert manglande innsatsvilje overkøyrd av forlokkande titlar. Eg spionerte i bokhylla til ein kollega, og kom over ein slik tittel. Dette er ei bok om Jeffrey Dahmer: Amerikansk seriemordar, valdtektsmann og nekrofil kannibal. 17 liv på samvitet, viss han hadde noko slikt. Det er umogleg å tenka på slike folk og sjå anna enn ettermælet. Tittelen, My Friend Dahmer, verka umogleg. Tilrådinga kom med eit atterhald om at dette var bestialske greier. Perfekt sommarlesing, med andre ord.

Boka er teikna og skriven av Derf (John) Backderf. Etter at Dahmer vart avslørt i 1991, starta Backderf å bearbeida minna frå ungdomstida. Han skriv og fortel både om det han merka seg med sjølv, og det han har fått frå andre kjelder. Gutane såg at det var noko creepy med Dahmer, men det er eit langt steg frå å vera creepy til å valdta, drepa og partera 17 gutar og menn. Dahmer var annleis, men ikkje den første på Revere High School dei hadde peika ut som seriemordar.

To you, Dahmer was a depraved fiend, but to me he was a kid I sat next to in study hall and hung out with in the band room. 

Ein del vert sett gjennom gutungane sine auge, andre ting har Backderf samla inn frå ulike kjelder (med kjeldeføring!). Totalt visar teikneserien ein tenåring som er fascinert av dyrekadaver, og som skremmer seg sjølv med tankar han veit er vonde. Eksperimenta hans vert sjukare og sjukare, og innimellom glipp den allereie ganske dårlege fasaden. Etter kvart drikk han seg full kvar skuledag for å undertrykka skremmande seksuelle lyster, utan at nokon vaksne ser ut til å bry seg særleg med det.

For nokon vart Dahmer ein prototyp på guten samfunnet svikta. Ein stakkarsleg misfit som ikkje vart sett eller forsvara av dei som hadde moglegheita til det. Klassekameraten avviser dette blankt. Vondskapen kan ikkje unnskuldast, han valde vegen sin sjølv: «Pity him, but don’t emphasize with him». Kan vondskapen forklarast eller unnskuldast? Gutane hadde ei kjensle av at det var noko annleis med Dahmer, noko creepy, men kven kunne vel ha tenkt seg til kva som eigentleg var på ferde? Teikneserien gir eit uhyggeleg innblikk i korleis det var å vera klassekompis med ein som gjekk frå å vera creepy til å verta ein av dei mest bestialske seriemordarane i amerikansk historie. 

Korleis seie noko vettugt om ein sjanger ein ikkje kan så mykje om? Det er vanskeleg å sjå vekk frå den openbart fascinerande historia, men verktøya Backderf brukar for å få ho fram er mektige. Den kraftige skuggelegginga understrekar uhygga. Han eksperimenterer med skuggelegging og perspektiv på ein måte som driv forteljinga og uhygga framover. Innslaga av små portrett og skisser Backderf teikna då han gjekk på vidaregåande bidreg til kjensla av å følga utviklinga i real time. 

 

 

 For å konkludera: Ei god gatewaybok for ikkje-teikneserielesarar.

 

Else går til psykolog


I år har det meste av kjendis-Noreg gitt ut biografiar. Dei fleste i øverste sjiktet når det gjeld klamheit. Dette er ikkje ei slik bok. Else Kåss Furuseth går til psykolog. Og transkriberer. Og der har du utgangspunktet for eit modig og ærleg prosjekt. Me får følgja henne gjennom 30 terapitimar. Av omsyn til andre har ho fjerna noko av det som er utleverande, og det som står att er rått og sårbart. Motivasjonen bak er ikkje sjølveksponering, men ei bok som set fokus på mental helse og det å gå i terapi. Det er nett denne opeheita som er grunnen til at ho nettopp vann Årets navn i VG. Til avisa seier ho at ho bryr seg om å skapa “et samfunn hvor vi tåler hverandres smerte.” Smerte, det veit Kåss Furuseth ein del om.

Else sitt førre show, Kondolerer, låg tidlegare ute på NRK. Det er ubegripeleg at nokon klarar å laga god stand up av broren og mora sine sjølvmord, men i god humor er det òg rom for sorg og alvor. I boka ser me at ho strevar med å halde balansen mellom “komikken og kronikken”, som ho seier. Else sin sjølvironi er på grensa til utstlettande, og psykologen kjeftar og utfordrar henne på dette. Me møter er ei vanleg, frisk dame som treng å arbeida med vanskelege hendingar. Ho snakkar særleg om korleis broren sitt humør og reaksjonar prega heile familien sitt liv. Etter kvart skiftar fokuset vidare til einsemd, vekt og overspising. Me vert kjende med ei dame som gjer grensesprengande ting og så unnskuldar seg, også når ho ikkje treng det.

– Nei. Unnskyld, jeg tøffa meg.
– Nei, du trenger ikke si unnskyld.

– Unnskyld.

Du trenger ikke si unnskyld for at du sier unnskyld.

– Beklager.

Det blir på en måte det samme.

– Hva da?

Beklager og unnskyld betyr det samme.

Eg trur at grunnen til at eg ikkje oppfattar det som utleverande er at det er reine transkribsjonar. Det er ingen miljøskildringar. Personskildringane kjem gjennom nokon av replikkane, men for det meste er psykologen ein hjerne utan kropp, eit hovud som hjelp Else med å forstå sine eigne tankar. Det er interessant å sjå korleis dynamikken mellom terapeut og pasient utviklar seg. Psykologen tolkar og korrigerer, men det er Else som gjer jobben. I samtalen kjem ho med refleksjonar kring det å gå i terapi, om terapien gjer henne dårlegare eller betre, og er det eigentleg så smart å gå så djupt i sin eigen hjerne? Tålar ho mindre enn andre? Kvifor vert ho så trist når ho snakkar ordentleg om ting?

– Du er opptatt av at det ikke er noe farlig å være trist. Men det jeg har vært opptatt av, hvis noen spør meg om dette med gener og arv og sånn, er å avvise ideen om melankoli hos meg sjøl. Det tristeste jeg har tillatt meg å bli er så trist som du blir av å høre på alle platene til Dybdahl på rappen. Føleri er en uting.


– Går det an å si at du ikke har så mye trening?

Psykologen leiter etter eit godt norsk ord for self compassion. Eg har ikkje funne noko. Han siktar til det å vera god og raus med seg sjølv. Det er kanskje ikkje så rart at han måtte til USA for å finna omgrepet, for det er ein lite norsk ting å halda på med. Dette er heller ikkje Else så god på. Eg trur mange kan kjenna seg att i sjølvforsvaret hennar. Med ein særegen humor, ispedd litt sjølvforakt, seier ho at ho har gått frå komikk til kronikk. Om det tenker eg at ho har vist at det går an å halda på med begge delar. Ho har i alle fall vore svært raus med oss andre.

Berøring

Det har vore eit produktivt år for psykolog Peder Kjøs. Han har fleire sendingar og publikasjonar på samvitet: Podcasten Hos Peder (bra!), sesong 2 av Jeg mot meg (FANTASTISK!!!), og no boka Berøring. Sjølv om han aldri har handsama kropp og sjel som to forskjellige einingar, går han no ordentlig inn i dei ulike sidene ved ved å føle.

Når me rører ved oss sjølv og ved kvarandre er det fleire årsakar og verknadar. Me regulerer og formidler inn- og uttrykk. Med berøring kan me visa kjærleik og sinne. Ved å ikkje ta på noko(n), kan me visa respekt og avsky. Dette krevar tolking, men kan me eigentleg vera sikre på at tolkingane er riktige?

Kjøs kriv om eit interessant eksperiment, der testpersonar vart skilde av eit forheng. Dei skulle formidla ulike kjensler (sinne, kjærleik, sjalusi…) ved å stryka den andre på armen. Merkverdig ofte tippa testpersonen rett. Den onde ridder Kato (Mio, min Mio) har eit hjarte av stein og ei klo av jern. Når han skjønar at slaget er tapt, ber han Mio om å stikka sverdet djupt inn i det hjartet han har levd med så lenge. Han gjort inn- og utsida urørleg, og det er ikkje lenger til å halda ut.

I berøringane ligg ikkje berre potensialet til å formidla, men til å forandra. Og slik har det vore heilt frå starten av:

Seks uker etter unnfangelsen, da du var halvannen centimeter lang og veide ett gram, begynte sansecellene i huden din å registrere inntrykk. Den første hjerneaktiviteten, og dermed de første erfaringene dine, var behandlingen av disse sansningene fra kroppens yttergrense. Hjertet hadde slått i tre uker. Hendene og anlegg til øyne og øre begynner å ta form. Nå begynner du å merke en skillelinje mellom deg selv og resten av verden. Fra da av har du en utside og en innside.

Følesansen er den første me utviklar, og det er grunnlaget for alle erfaringane våre. Det er denne sansen som gjer at me saman med mor kan regulera temperatur og hormonar til eit ideelt nivå. Premature barn skil ut færre stresshormon når dei får ligge hud mot hud. Kenguruomsorg vert nytta som eit medisinsk tiltak. Forfattaren er på sitt beste når han undrande set medisinske fakta opp mot eigne erfaringar. Følelsansen hjelper oss til å verta ein virkande del av noko anna enn oss sjølv. Gjennom vitskapelege eksempel, kulturelle referanser og eigne observasjonar skapar Kjøs eit rom for undring.

Den første delen handlar om dei formande berøringane, og for meg var dette heilt klart mest interessant å lesa om korleis berøringa er eit heilt grunnleggande trekk ved den menneskelege utviklinga. Det er noko poetisk over dette. Han undersøker sjølvsagt fleire sider: seksuelle lyster (ikkje overraskande mykje Freud, som eg personleg tykkjer er litt snork), korleis psykologen stiller seg til berøring i ein terapeutisk situasjon, tortur, religion, og til slutt tabuet og trongen ved å røra ved dei døde. Sirkelen er slutta. Han vekslar mellom det personlege og det akademiske, og språket kan vera litt vaklande når han skiftar fot. Teksten er altså noko ujamn som tekst, men jamt over god lesing. Boka er såpass vellukka at det hadde vore fint om tittelen på omslaget på var større enn namnet på forfattaren, men det har han neppe bestemt sjølv.