Tag: naturalisme

Kvifor går det alltid til helvete?

Brannfakkel: Eg. Hatar. Amalie. Skram.

I alle fall gjorde eg det i 2011.

Det er mange kjende byrjingar i dei norske klassikarane, men Sjur Gabriel har ein av dei mest kjende sluttane:

Fra den dag av drakk både mannen og konen på Hellemyren.

Kjapp litteraturhistorisk innføring før me går vidare: Naturalismen. Sjå for deg alt som kan gi bittesmå glimt av glede og livslyst, fjern så dette, og så har du verda slik naturalistane såg ho: Ein studie av menneskeleg elende. Dette var ein del av det moderne gjennombrotet, der kunsten fekk ei ny oppgåve. Han skulle ikkje lenger berre skildra det vakre og fullkomne, men setja samfunnsproblem under debatt. Mange protesterte høglytt mot denne typen sosialpornografi. For litt sidan (fleire månadar sidan, tida flyr når og så vidare) skreiv eg om Gengangere. Ibsen sine skildringar av menneskeleg forfall vart kalla syndige og sjukelege, men Amalie Skram kom han i forsvar. Ho sa at elendet allereie fantest, og det einaste Ibsen kunne vera skuldig i var å avdekka verda slik ho var. Dette var hovudoppgåva til både realistane og naturalistane, men for å seie det ekstremt banalt: Realistane ville visa verda slik ho var, men naturalistane ville finna ut kvifor ho hadde blitt slik. Amalie Skram byrja på ei vanskeleg forteljing, og starta å jakta etter årsaka til at det gjekk som det gjekk med hovudpersonen. Var det arv, lagnad? For å finna svaret måtte ho jobba seg bakover. Der fann ho Sjur Gabriel og Oline. 

I Skram sin tetralogi om Hellemyrsfolket forsøker ho ikkje å avdekka menneskeleg forfall, men å undersøke kvifor ting går som det går. Og spørsmålet om «kvifor» er grunnen til at eg kanskje kan tilgi henne den emosjonelle belastinga denne lesinga er. For du må vera ganske i vater for å kunna utstå forteljinga om korleis Sjur Gabriel går under. Gardsnamnet Hellemyren fortel oss om eit mindre enn ideelt grunnlag for gardsbruk og fisking. Sjur Gabriel er… bonde og fiskar. Kona, Oline, er stort sett gravid, full eller begge delar. Livet til Sjur Gabriel, kona og dei ungane som framleis er i live er hardt og vert stadig hardare. Kvar gong ein ser spor av den gleda og livslysta eg skreiv om i innleiinga veit ein at noko snart kjem til å gå til helvete. Skram skildrar dette i detalj, men med eit nøytralt og journalistisk språk som passar til oppgåva hennar. Ho skal finna, ikkje dømma. Men me får innblikk i karakterane sitt indre, mellom anna tankane til Sjur Gabriel om kvifor ting vart som dei er: 

… Men da han så var reist fra bygden og hadde tatt seg tjeneste mange mil derfra, var det som blåst av ham for bestandig. Av og til hendte det nok, at han drømte om det og våknet gjennemvåt av svette og måtte stå opp og tenne lys og ta seg en skrå for å få sove igjen. Men i de senere år var det blitt sjeldnere og sjeldnere. Hva skulle nu dette bety, at i kveld, som han satt der og tenkte på alt annet, denne gamle, lengst forglemte hendelse skulle komme frem og velte seg over ham som et mareritt. Var det Vårherre, som ville minne ham om hans forgagne synd og la ham forstå, at han ikke hadde glemt den? Var det derfor, han var efter ham med motgang og leielser på alle opptenkelige tanker?

Styr unna viss du vil ha ein happy ending.

Styr unna viss du vil ha ein happy noko.

Eg «hatar» ikkje Skram på grunn av kvaliteten eller innhaldet, men fordi dette er determinisme på sitt aller verste, og undergangen til Sjur Gabriel og Oline er uunngåeleg. Dette er andre gong eg les Sjur Gabriel, og det var berre fordi eg skulle forelesa om ho. Første gong eg las ho var då eg var student. Det var eit hardt semester, og då eg såg morgonsola stå opp over eit halvferdig eksamensoppgåve var det lett å spekulera litt i kvifor og korleis ting kan gå åt skogen, og her syt Amalie Skram for eit rikeleg refleksjonsgrunnlag. Tanken om å førelesa om boka åtte år seinare var mildt sagt latterleg. Eg har framleis ikkje tilgitt Skram for den tunge eksamenstida i 2011, men eg kan no justera meg til å seie at det er eit interessant prosjekt. Spesielt godt likar eg korleis Skram brukar språket til karakterane. Det kunne eg sagt mykje om (og det har eg og – you should have been there!), men dette innlegget har blitt langt nok. 

Konklusjon: Give Skram a chance. Forteljaren går inn som ein nøytral observatør, men skildringane er levande og handlinga rystande. 

… Eg har forresten kjøpt dei andre tre bøkene, så eg er på god veg til å tilgi henne.