Tag: lyrikk

Trygve Skaug – Sånne dager

 

– Trygve Skaug.

Norsk på norsk

NorskPopPoesi

På tidleg 2000-tal, då eg eksperimenterte med glitter og trødde ned leggvarmarar, var norsk reservert litt sånn søttitals visepop. Tungtvann og dei høyrde til ein annan generasjon enn min. Den generasjonen som var gamle nok til å gå på polet og kjøpe varene med høgast prosent. Så det var litt av eit sjokk då det plutseleg kom eit ras med norsk popmusikk som tvang oss til å måtte høyre andre synge om kjenslene våre på NORSK. For herregud, så kleint det kan bli. Det er liksom litt lettare på engelsk, det. My hard is jårs og sånn der. Då tenkte eg sjølvsagt og heldigvis lite på litterære virkemiddel. Heldigvis hadde eg nok med å lytta på alt det som plutseleg kom på morsmålet mitt. For eg følte som berre det, og det å høyre alt på norsk gjorde alt så mykje råare. Vel, vel. Nok mimring.

Musikk er melodi, det er stemme, klang, instrumenter, det er pausene, stillheten mellom notene- og det er tekst. I tekstene kan kjente ting bli nytt og friskt gjennom rim, rytme og ordspill. Eller man kan kjenne på ting man ellers ikke ville fått erfare. Sanger kan gi både betryggende gjenkjennelse og ny forståelse. – Mona B. Riise

Mona B. Riise har samla høgdepunkt frå norske popsongar. Ho skriv at ho har utelatt strålande låtar, fordi “mange sangtekster mister sin kraft når man fjerner musikken fra ordene, og mange gode sanger er skrevet som historier og fortellinger, mer enn som poesi”. Kva som skiljar ein poetisk tekst frå ein ikkje-poetisk tekst er altså Riise si vurdering. Resultatet er ei godt kurert samling av tekstar som ikkje berre består av dei sjølvsagde namna, men går over tiår og (delvis) sjangrar. Det er fokus på rim, rytme, ordkleik, kvardag og kjensler.

No vert eg snart i overkant gira, spesielt over den yngre delen av utvalet, så eg må få vekk den obligatoriske problematiseringa, her ved hjelp av ein god del retoriske spørsmål (men svar gjerne):

Gagnar det tekstane å ta dei ut av den musikalske konteksten? Står dei seg åleine? Kan ein lesa dei som rein tekst? Det er vanskeleg å sjå på tekstane som noko reint litterært, for dei er ikkje det. For meg personleg er det vanskeleg å lesa eit utdrag frå ein deLillos-song utan å høyre Lars Lillo-Stenberg sine litt særeigne r-ar, nokon av tekstane er for tett knytt til tekstforfattaren/songaren. Det er kanskje berre ei påminning om at tekstane ikkje eksisterer i eit lydlaust vakuum, men at dei er skrivne i samspel med musikken (såg du kva eg gjorde der?). Likevel vinn musikarar nobelprisar. Det er sjølvsagt mange musikarar som gir ut poesi (til dømes Patti Smith, som eg er veldig glad i), men det er lyrikk som er skriven som lyrikk, ikkje songar i tekst. Å sjå songane i boka representert utan musikk vert kanskje litt som å ta vekk det viktigaste virkemiddelet, men det betyr ikkje at teksten vert fattigare. Dei litterære kvalitetane kjem tydelegare fram, og for meg vert det ei påminning på korleis somme musikarar leikar med tekstar på ein måte som overgår mange av poetane her.

Entusiasmen er stor på denne kanten, men eg har sjeldan følt meg så truffen av ei bokmelding som når Audun Vinger (Dagens Næringsliv) spør:

Vil det komme til å stå «kule norsklærere» i klasserommene med utskrifter av Cezinando-tekster og vennlig tvinge elevene sine til å skjerpe tolkningsapparatene og forsøke å åpne språkforståelsen?

Svaret er eit absolutt, noko forlegent, ja. Norskmakkeren min lo høgt. Eg har allereie skrive “Heia meg” på halvårsplanen. I tillegg til å gjenskapa suksessen med å samanlikna OnklPs “Styggen på ryggen” med Dorothe Engelbretsdotter sin Aftenpsalme. Eg har og tidlegare skvist inn litt Karpe Diem i både norsken og samfunnsfagen. Eg eig korkje skam eller sjølvinnsikt. Men det er kanskje eit forsøk på å allmenngjera ein del av litteraturen som kan virka framand for mange. Som Riise sjølv seier, er det mange som hevdar å ikkje like poesi (eller prosa, for den del), som har poesi som ein del av kvardagen sin. Kor ofte les eg lyrikk, sånn eigentleg? Fem-seks gonger i året? Kor mange gonger har eg stått og venta på bussen og blitt rørt av Cezinandos Vi er perfekt men verden er ikke det eller blitt latterleg glad når deLillos syng ut, sjølv om det er regn og dessutan før klokka sju om morgonen? Du rekk å høyre godt etter når du pendlar, og fleire norske songar har pakka seg sjølv ut med intelligent ordleik og sterke bilete. Og eg vil så gjerne visa samanhengane.

Det pretensiøse først: Eg tykkjer at Riise si samling er eit fint bilete av ei svært positiv utvikling i norsk samtidsmusikk (morsmålsmusikk!). Det viktigaste til sist: Norsk ungdom er forbaska heldige som har poetar som Cezinando og Daniel Kvammen til å formidla og å setja ord på det som er stort og vanskeleg, eller stort og veldig lett. Eg skulle så veldig gjerne hatt musikarar som dei då eg var yngre, men eg er glad for at eg har dei no. Og dei som hadde Anne Grete Preus, Hellbillies, Halfdan Sivertsen, Jokke, Side Brok, Erik Bye og så vidare og så vidare var like heldige. Mona B. Riise har med stort hell samla tekstar frå folk som eigentleg berre har ein ting til felles: Dei skriv på norsk. Og dei skriv godt. Og det var to ting. Og dette handla kanskje ikkje så mykje om boka til Riise likevel, så eg kan godt slutte med å sei at det var vel brukt tid å lesa ho.