Tag: drama

Peer, no lyg du!

Eg har fått tak i eit eksemplar av Jon Fosse si omsetting av Peer Gynt. Han omsette (allernådigast) stykket til ei framføring på Det norske teatret i 2005. Då Samlaget tok kontakt for å gi ut stykket på nytt, takka han (allernådigast) ja. Omsettaren sitt etterord er sterkt prega av manglande engasjement for arbeidet. Ei meir fordelaktig tolking vil vera at han meiner at Ibsen skal lesast slik Ibsen skreiv det. Dette er eigentleg Jon Fosse som bearbeider Jon Fosse som har omsett Ibsen for 13 år sidan. Resultatet er ei lettare modernisert utgåva, tilpassa ei meir tradisjonell nynorsklinje enn utgangspunktet.

Resultatet er eit meir tilgjengeleg verk som for meg har ført til ei langt meir underhaldande og interessant lesing. For eksempel har eg vanlegvis sona ut når roadtripen tek til. Noko som er synd då dette utgjer både ein sentral del av stykket og ein god prosent av den fysiske boka. Eg har difor gått glipp av det mest underhaldande: Alle stikka til den nasjonalromantiske rørsla. Døme 1: Når Dovregubben finn ut at han ikkje kjem til å få ein einaste skilling frå Gynt går han til plan B, til “komedien. De søker i bladet nasjonale subjekt”. Døme 2: Ivar Aasen si gjesteopptreden som Huhu, direkte frå dårekista. Det er mogleg at Ibsen hadde vore mindre enn begeistra for å skulle lesast på landsmaal enn det eg er for å kunne lesa han på nynorsk.

Peer Gynt er ei harselering over den norske sjølvgodskapen som kom fram under nasjonalromantikken. Men sjølvgodskap og sjølvtillit går sjeldan hand i hand, så på trass av ein del negative reaksjonar har lesestykket vorte ståande som eit eksempel på noko grunnleggjande norsk. Og det er jo eigentleg ikkje så positivt. Men det at noko er negativt treng ikkje å tyda at det ikkje er sant. Å ta mot Peer Gynt-prisen må vera ei tvilsom ære. Stykket har satt seg i folkesjela, men satiren er gløymt.

I eit heilt fantastisk verk, Tretten taler på Grini (som eg har forferdeleg lyst på, i tilfelle nokon har eit eksemplar), samanliknar Francis Bull Peer Gynt og Brand. Han viser oss at Peer Gynt kan vera sjarmerande i fredstid, men at dei mange veikskapane vert farlege når ein må ta stilling til seg sjølv. Slektskapen med Peer er tydeleg, og nokre gonger ubehagelege. Ibsen hadde ein viss type nordmann i tanken då han skapte Peer Gynt.

Og for ein type, då. Ein som røvar brura berre for å sjå om han kan, for så å gå i gang med god, gamaldags slut shaming. Ein som lyg, går utanom, og tenker så mykje på seg sjølv at han gløymer kven han sjølv er. Ein som brukar livet sitt på å ikkje verta konfrontert med seg sjølv. Det er først når knappestøyparen kjem for å støypa han om at han innser at han må finna seg sjølv, men kor er han då?

Tidleg i stykket vert Peer Gynt forført inn i Dovregubbens hall. Der får han eit val. Han ser at den tosidigheita han heile tida flørtar med ikkje er like vakker blandt trolla, der alt er vakre forvrengingar av ei grotesk sanning. Han får valet: berre eit lite rasp i auget, så slepp han å sjå alt det stygge. Det er eigentleg overraskande at han spring vekk frå dette tilbodet, for jakta etter å bli stormann – konge – keisar! er jo sjølve krafta som driv han vekk frå mor Åse, Solveig, Anitra, seg sjølv. Ved å bevara synet takkar han nei til å bli kongsson i Dovregubbens hall. Med andre ord kan det vera ei grunnleggjande trong til å halde fast ved noko av seg sjølv, men kvar gong han vert tvungen til å sjå seg sjølv i auget går han utanom. Og utanom. Og utanom. Eller så er det eit mindre nobelt ynskje om å sleppa å ta val som ikkje kan reverserast. Det er nettopp Gynt si drivkraft: Å sleppa å ta val i håp om å nå fram til graset som heilt sikkert er grønare på den andre sida.

Stakkars kvinnene som ventar og ventar. Stakkars mor Åse som ligg i armod og freistar å finna grunnar til kvifor sonen har vorte slik ein løgnhals. Er det ho som har satt griller i hovudet hans med alle eventyra og skodespela dei underhaldt seg med medan dei venta på at far Jon skulle koma heim? Peer tenker lite på den vesle mor si, det er først når ho døyr at han kjem på at han i det heile har ei. Det same med Solveig, som sit og grånar på ein knaus medan han er på ein ti-tjue-tretti år lang roadtrip der han røyker vannpipe og forfører Anitra-er. Og Ingrid, ho vert kasta vekk så fort han har brukt ho.

Det er vanskeleg å sei glupe ting om Peer Gynt som ikkje allereie har blitt sagt, eg kjem difor ikkje til å prøva. Først og fremst er dette underhaldande lesing i ei svært høveleg språkdrakt. Viss du går rundt med ein påtrengande trong til å lesa Peer Gynt kan du godt byrja her.