Tag: cappelendamm

Du och jag, Astrid.

Denne dagen, et liv. Av Jens Andersen.

Då Astrid Lindgren vart spurt om kva ho ville med forfattarskapet sitt, hadde ho svaret klart: Det er noko ein gjera: «Annars är man ingen människa utan bara en liten lort».

Sitatet kjem sjølvsagt frå Brødrene Løvehjerte. Eg les sjeldan (aldri) biografiar. Det får vera andre si greie. Eg har gjort eit aldri så lite unntak. Eg måtte verta betre kjend med mora til Brødrene Løvehjerte, Mio min Mio og Ronja røverdatter. Jada, Pippi etc., men det var bøkene som var viktige for meg, og det er jo eg som skriv.

Lindgren sa at det som kunne vera uhyggeleg for vaksne, kunne vera ein lukkeleg slutt for born. Karl døyr med Jonatan for at dei alltid skal vera saman, og Astrid meiner at det er dette som er barnet si lukke. Barnet si angst handlar ikkje om å døy, men om å vera åleine. Brødrene Løvehjerte vart kritisert å vera for uhyggeleg for born, til og med skulda for å oppmuntra til sjølvmord. Dette tenkte ikkje eg på då eg som åtteåring las og las og las. Det eg var lei meg for var at eg ikkje fekk sjå kva som var i Nangilima.

Døden representerer eit ukjent land. I Brødrene Løvehjerte får Kavring og Jonatan lov til å gå inn i desse landa saman. Dette var ikkje skummelt for Astrid. «Denne dagen, et liv» var eit motto som gjekk igjen i Astrid sitt liv. Ingenting varar evig. Livet var så spanande og fullt av innhold at ho ikkje rakk å grua seg til døden. Ho såg på døden som ein «raskt forbigåennde meningsløshet» som burde fylles med innhold.

Astrid sitt liv bar på mange sorger. Noko kunne aldri gjerast godt igjen. Ho mista mange. Ho vart gravid med ein gift mann og måtte plassera sonen sin hjå ein dansk fosterfamilie. Ho gifta seg med ein snill mann som drakk seg i hel. Det var eit par skandaler, men dei kan du lesa deg til sjølv. Men om livet var prega av mange ulukkelege hendingar, fekk eg ikkje inntrykk av at det var eit ulukkeleg liv.

Sjølv om ein (i mi meining) kan ta forfattaren ut av teksten, er det vanskeleg å ta tekstane ut av forfattaren. Det er mange bilete i boka. Ho hadde alltid hadde det same uttrykket: haka litt opp, eit løfta augebryn over studerande auge. Litt trass, litt glimt. Ho var så cool. Kompromisslaus. Ei du ikkje køddar med. Sjølv om mange prøvde. Ho var ei av dei første i Vimmerby med kort hår. Ho var ei businesskvinne som nytta kontaktane sine. Ho visste å bruka dei nye media til sin fordel. Ho kunne ein heil del om businnes og PR, og hadde fleire verk på samvitet som ho slett ikkje var stolt av. Alt er tilgitt. Mange av bøkene hennar ber preg av kompromissløysa hennar og det at ho alltid skreiv på borna sine premissar. Dei vaksne tankane rundt bøkene var irrelevante.

Eg trur alle barn i Norden har eit forhold til Astrid Lindgren. Og i mange andre land, tenk kor fantastisk at Pippi finst på arabisk! Ho har gitt oss inspirerande, vakre og vonde historiar, med born som er sterkare, modigare og meir oppfinnsame enn nokon andre. Kanskje kan det lesande barnet verta slik? Uansett om det er slik eller slik, finst berre «sakar man måste göra även om det är farligt. Annars är man ingen människa utan bara en liten lort.»

Du kan høyre min personlege favoritt, Mio min Mio, som høyrespel på NRK.