Tag: bibliotek

Sci fi og sølvfolie

Ikkje eit reisebrev, men ei tilråding.

Av og til treng ein ein lesesal, og av og til er ein i Oslo, og av og til skjer begge delar samtidig. I dag var ein sånn dag. For å få max utbytte av å vera turist stakk eg innom Nasjonalbiblioteket for å lesa om komediar og tragediar. I tillegg til sånne fine pultar i mørkt tre med grøn bordbeskyttelse hadde dei ei fin-fin utstilling om science fiction, Science fiction – fra Gutenberg-galaksen til cyberspace. Dei byrjar med byrjinga. På et lag av fløyel låg ei side frå Gutenberg-bibelen (!), omringa av temariktig sølvfolie. Det er starten av boka om profeten Esekiel, der han har eit syn av det nokon seinare meiner er eit romskip. Slik vart Bøkenes bok eit uventa startskot til ei utstilling som handlar om sci fi frå Bibelen til Holberg til Supermann.

Eg jobba (i starten noko motvillig) litt med science fiction som student. Science fiction er meir enn romskip, og den delen eg er mest interessert i vert ofte kalla soft sci fi. Tenk sosiale strukturar à la Fahrenheit 451 og The Handmaid’s Tale. Det er ikkje eigentleg ei omskriving av samfunnet, men eit eksperiment der ein vel ut enkelte samfunnstrekk og visar dei i sin ytste konsekvens. Sci fi førekjem gjerne som dystopiar, og kan spegla og/eller endra måten me oppfattar oss sjølve i verda på. Eg veit ikkje heilt kva det er som gjer dette mogleg, men utstillinga sette i gang ein del tankar.

Her kan de mellom anna sjå ulike utgåver av Niels Klims underjordiske reise, omgitt av passande sølvfolie. Niels Klims vert av mange rekna som Nordens første sci fi-roman. På 1700-talet var Danmark-Noreg underlagt streng sensur. Ein kunne ikkje kritisera makthavarane. Eg veit ikkje om det var direkte straffbart, men bøker med kritikk av konge/kyrkje/stat (meir eller mindre det same) vart aldri utgitt. Holberg, den sniken, gjorde fleire grep for å sno seg unna denne sensuren. Fritt etter eige minne:

  • Boka er opphavleg skriven på latin (Nicolai Klimii iter subterraneum)
  • Boka vart gitt ut i Tyskland og slapp sånn unna sensuren i Danmark-Noreg
  • Og det mest avgjerande for oss, eller for sci fi-en: Ein openbar kritikk av kongen og riket var ikkje mogleg, uansett kor latinsk og utanlandsk ein gjorde det. Difor måtte ein kle inn kritikken i ei anna ramme. Niels Klim dett ned i eit hol i bakken, og støter på ein heil del ulike samfunn. Gjennom å skildra desse samfunna med ein lett absurditet, får Holberg formidla eit kritisk sin på det norsk-danske samfunnet – utan å kunne bli skulda for å gjera det.

Ganske frekt! Og det likar eg, sjølv om eg elles kan styra begeistringa for 1700-talslitteratur tykkjer eg at dette er artig. Då var det veldig spanande å sjå fleire utgåver på rad, med vakre illustrasjonar og på ulike språk. Det er lett å sjå at dette er påkosta. Dette var Holberg sin einaste roman.

Eg fekk og sett verdas første sci fi-film: Le Voyage Dans la Lune (1902). Filmen er på ca. eit kvarter og inkluderer mykje veiving med armar og bein, men ho er ganske morosam og estetisk spanande.

De kan sjå filmen her på Jutub. 

Science fiction, inkludert soft sci fi, vert sett på som ein moderne, teknologiorientert sjanger. Då er det kult å sjå korleis dei har jobba med sci fi i 1741, 1902 og 1953. Det viser oss at sjangeren er eit uttrykk for noko langt meir menneskeleg enn teknologijaget. I sci fi og fantasy finn du eit uforløyst potensial, ein måte å utforska ulike løsyningar på. Kva kan The Handmaid’s Tale sei om samfunnet vårt? Kva med The Hunger Games? Sjølv om ikkje alle bøker vert skrivne som kritikk fortel det noko om kva menneske tenker på, drøymer om og fryktar. Då er det spanande å verta minna om at det ikkje var så annleis i 1741, sjølv om den materielle verda såg veldig annleis ut. Utstillinga var forfriskande, og eg gjekk ut med ny inspirasjon og eit sterkt behov for å leita opp Lanterne-bøkene til Bing og Bringsværd. Eg fekk jobba litt òg, altså.

Eg veit at nokon av dykk les mykje sci fi, medan andre helst held seg unna. Kva er forholdet ditt til denne sjangeren? Kva er den beste/dårlegaste sci fi-romanen du har lese?