Tag: barn

Ønskeglobusen

Av og til lurar eg på om eg er ein kald fisk. Eg græt nemleg sjeldan av bøker. Men denne boka, den burde koma med ei åtvaring. I dag har eg innvilga meg sjølv¹ ein sånn grådag der ein berre tek med seg dyna ut på sofaen og les. Og det passa godt, for då vart det ingen heime som kunne høyre meg snufsa meg gjennom Det magiske hjertet.

Charlotte, Roberta si bestevenninne, vart føydd med ein alvorleg hjartefeil. Ho vert dårlegare og dårlegare, heilt til det berre er eit nytt hjarte som kan redda henne. Men kor kan ein få tak i eit slikt hjarte? Roberta er rådlaus heilt til morfar Horatio, som har vore sjømann og sett litt av kvart, tek henne med på auksjon. Der ser dei ein rar, gamal globus. Morfar Horatio seier at den er magisk. Viss du tenner lyset i globusen vil lysstrålen få sitt eige liv. Du må få tak i jord eller vatn frå alle dei fem landa stråla skin på: Israel, Japan, Tadsjikistan, Brasil og Antarktis. For dei er begge sinte på og redde for døden:

ROBERTA OG CHARLOTTES DØDSLISTE
Hvorfor døden er så grusom

Fordi den varer så lenge.
Fordi man kanskje blir glemt etterpå.
Fordi foreldrene våre – og mange andre – blir kjempetriste.
Fordi det kanskje er vondt å dø.
Fordi man ikke vet hva som skjer etterpå.
Fordi døden kan komme når som helst.

For hundre år sidan las eg ei bok eg aldri har gløymt. Landet der tiden var borte er ei fantastisk forteljing om Lise. Bestevenninna har akkurat døydd, og Lise er sint. Ho vil ikkje verta vaksen. Ho vil ikkje at verda skal gå vidare. Når ho hoppar frå eit epletre, vert ho i staden henta av ein gribb. Han tek henne med til eit land der tida nullstillar seg sjølv kvart år. Tida går ikkje vidare. Ingen vert vaksne. Då eg las om Det magiske hjertet tenkte eg at boka måtte likna på Klaus Hagerup sin roman. At det skulle handla om død, frykt, sorg, magi.

Eg trur det var ordet “magisk” som fekk meg til å gå ut frå ein heil del ting: Dette skulle handla om parallelle verder og magiske redningsoppdrag. Slik er det å vera ein dum vaksen (eg meiner ikkje at eg er dummare enn andre vaksne, men at av og til er me vaksne ganske dumme). Roberta skal ynske seg at Charlotte skal få feira nittiårsdagen sin. Ho må finna ut korleis ein skal få tak i nokon som kan ta med seg vatn heilt frå Antarktis og Tadjukistan, medan Charlotte vert dårlegare og dårlegare. Eg venta på at gribben skulle koma og ta Roberta med på eit magisk eventyr der alt ordna seg, men det er ein annan magi som verkar i denne boka.

Det er eit par bøker frå barndomen som eg ikkje gløymer. Klaus Hagerup og Jostein Gaarder står bak dei fleste av dei. Eg har lese eit par av kriminalromanane til Kristina Ohlsson (det held med den fyrste, dei andre vert dårlegare og dårlegare), men denne sjangeren kler henne langt betre. Ho skriv tydeleg om store kjensler, og ikkje minst skriv ho til ei målgruppe ho kjenner og respekterer. Eg trur at denne kan vera ei sånn bok for nokon som Landet der tiden var borte er for meg. Dette er ei sånn ordentleg god bok. Den kan vera ekstra god for born og yngre ungdom som må takle sjukdom og frykt, men det er ei spanande historie som vil passa til alle. Vil Roberta få ordna alt i tide?

Og for vaksne kan det vera alt dette. Men sørg for at du er heime åleine først.

Leseeks.

¹Ikkje jobbskulk altså, eg arbeider deltid.