Tag: Astrid Lindgren

Om du har nog med egna bekymmer, så LÄS INTE dette brev, det är minst sagt ointressant og slarvigt.

Brevene dine legger jeg under madrassen. En brevveksling 1971-2002. Astrid Lindgren og Sara Schwardt (red. Lena Törnquist).

Orda kjem frå Sara Ljungcrantz, og er starten på eit av dei mange breva ho sende Astrid Lindgren. Sara skriv med sterke kjensler og eit litt hardt blikk på livet. Likevel startar ho gjerne breva sine slik – les dei viss du har tid. Svar viss du har tid. Du treng ikkje å svare viss det ikkje passar. Sjølv om det kan gå lang tid mellom breva, svarer Astrid alltid. Med sympati og oppfordringar om at Sara skal fortsetta å skriva.

Dette er ikkje like mykje ei bok om Astrid Lindgren som det er om Saara Ljungcrantz. Dei to er jambyrdige, men det er Sara eg får mest omsorg for. Kanskje fordi det er så tydeleg at ho treng det. Lindgren er ei trygg, vaksen dame. Sara er (snart) tenåring og har ein dynamisk personlegdom som mognast i ekspressfart. Ho vaklar mellom det bråvaksne og det barnlege. På konvolutten på biletet over har Sara skrive at det inneheld “endast skräp”. Sikkert sånn at ingen andre skal kunne seie det. For Sara er tøff, men ho er og veldig lita. Ho er kompromisslaus, men usikker. Sjølv om brevvekslinga er sporadisk, får eg inntrykk av at Lindgren i store periodar av livet er Sara sitt anker.

I etterordet skriv Sara (no Schwardt) at det mest rettsame var om Sara (13) fekk kome til orde, uredigert. Breva står difor i si originale, usensurerte form. Omsettaren har prøvd å ta vare på ortografien i breva, med feil, understrekingar, overstrykingar, verslar og til og med eit par krusedullar. Teiknsetting, ordval og utsmykking visar oss balansen eller disharmonien i Sara sitt kjensleliv der og då. Det vert lett å sjå kvifor Astrid Lindgren fekk så stor omsorg for “Sara mi Sara” (høyres det kjent ut?).

Det kan gå lenge mellom kvart brev, men av og til får Sara noko ho må fortelje. Det er ikkje alle hendingar det er like lett å leva med, og det kan vera veldig brutal lesing. Det er tydeleg at Lindgren kjenner seg nær barnet som har det så vanskeleg både heime og ute. Ho møter Sara med respekt:

Jeg forstår at du hører til dem som kan ha det vanskelig, nettopp fordi du er intellektuelt utrustet og har følsomme nerver – det er alltid slike ungdommer som tar til seg og s e r hvor mye trist og vanvittig det er her i verden. De som er tvers igjennom stabile og stort sett tenker på å la tiden gå så behagelig som mulig, de behøver aldri å havne på noen ungdomspsykiatrisk klinikk – for meg er det et vitnesbyrd om at du er et følsomt menneske og ikke noe annet, jeg tror virkelig ikke at det på den aller minste måte betyr at du har vært på mentalsykehus eller er mentalt syk. Akk akk akk, jeg tror vi snart alle kunne trenge å få komme på en psykiatrisk klinikk, bare det ville være hjelp å få. Kanskje det hjalp deg litt, jeg håper det.

Lindgren fokuserer på den emosjonelle styrken i Sara, og slik omset ho verda for ei jente som kjende seg veldig einsam. Det er eit privilegium å få sjå korleis forandringane i Sara sitt liv kjem til syne både direkte og språkleg. Ylva Eggehorn skriv at “Man leser ikke bare denne boken. Den skjer, den er en hendelse”. Det er ei effektiv og treffande oppsummering av ei sterk, lita bok om to fortrulege menneske som lev tett på kvarandre utan å møtast.

Du och jag, Astrid.

Denne dagen, et liv. Av Jens Andersen.

Då Astrid Lindgren vart spurt om kva ho ville med forfattarskapet sitt, hadde ho svaret klart: Det er noko ein gjera: «Annars är man ingen människa utan bara en liten lort».

Sitatet kjem sjølvsagt frå Brødrene Løvehjerte. Eg les sjeldan (aldri) biografiar. Det får vera andre si greie. Eg har gjort eit aldri så lite unntak. Eg måtte verta betre kjend med mora til Brødrene Løvehjerte, Mio min Mio og Ronja røverdatter. Jada, Pippi etc., men det var bøkene som var viktige for meg, og det er jo eg som skriv.

Lindgren sa at det som kunne vera uhyggeleg for vaksne, kunne vera ein lukkeleg slutt for born. Karl døyr med Jonatan for at dei alltid skal vera saman, og Astrid meiner at det er dette som er barnet si lukke. Barnet si angst handlar ikkje om å døy, men om å vera åleine. Brødrene Løvehjerte vart kritisert å vera for uhyggeleg for born, til og med skulda for å oppmuntra til sjølvmord. Dette tenkte ikkje eg på då eg som åtteåring las og las og las. Det eg var lei meg for var at eg ikkje fekk sjå kva som var i Nangilima.

Døden representerer eit ukjent land. I Brødrene Løvehjerte får Kavring og Jonatan lov til å gå inn i desse landa saman. Dette var ikkje skummelt for Astrid. «Denne dagen, et liv» var eit motto som gjekk igjen i Astrid sitt liv. Ingenting varar evig. Livet var så spanande og fullt av innhold at ho ikkje rakk å grua seg til døden. Ho såg på døden som ein «raskt forbigåennde meningsløshet» som burde fylles med innhold.

Astrid sitt liv bar på mange sorger. Noko kunne aldri gjerast godt igjen. Ho mista mange. Ho vart gravid med ein gift mann og måtte plassera sonen sin hjå ein dansk fosterfamilie. Ho gifta seg med ein snill mann som drakk seg i hel. Det var eit par skandaler, men dei kan du lesa deg til sjølv. Men om livet var prega av mange ulukkelege hendingar, fekk eg ikkje inntrykk av at det var eit ulukkeleg liv.

Sjølv om ein (i mi meining) kan ta forfattaren ut av teksten, er det vanskeleg å ta tekstane ut av forfattaren. Det er mange bilete i boka. Ho hadde alltid hadde det same uttrykket: haka litt opp, eit løfta augebryn over studerande auge. Litt trass, litt glimt. Ho var så cool. Kompromisslaus. Ei du ikkje køddar med. Sjølv om mange prøvde. Ho var ei av dei første i Vimmerby med kort hår. Ho var ei businesskvinne som nytta kontaktane sine. Ho visste å bruka dei nye media til sin fordel. Ho kunne ein heil del om businnes og PR, og hadde fleire verk på samvitet som ho slett ikkje var stolt av. Alt er tilgitt. Mange av bøkene hennar ber preg av kompromissløysa hennar og det at ho alltid skreiv på borna sine premissar. Dei vaksne tankane rundt bøkene var irrelevante.

Eg trur alle barn i Norden har eit forhold til Astrid Lindgren. Og i mange andre land, tenk kor fantastisk at Pippi finst på arabisk! Ho har gitt oss inspirerande, vakre og vonde historiar, med born som er sterkare, modigare og meir oppfinnsame enn nokon andre. Kanskje kan det lesande barnet verta slik? Uansett om det er slik eller slik, finst berre «sakar man måste göra även om det är farligt. Annars är man ingen människa utan bara en liten lort.»

Du kan høyre min personlege favoritt, Mio min Mio, som høyrespel på NRK.