Tag: amerikansk

My Friend Dahmer

Eg held på med ei (evigvarande) litterær danningsreise, der eg mellom anna prøver å utvida horisonten til å inkludera nye sjangrar. Teikneseriar for vaksne er litt framand for meg. Teikningar? Supert! Tekst? Hallo! Kominasjonen mellom dei to, derimot, krev øving, og øving er diverre ikkje noko eg er særleg god på. Men av og til vert manglande innsatsvilje overkøyrd av forlokkande titlar. Eg spionerte i bokhylla til ein kollega, og kom over ein slik tittel. Dette er ei bok om Jeffrey Dahmer: Amerikansk seriemordar, valdtektsmann og nekrofil kannibal. 17 liv på samvitet, viss han hadde noko slikt. Det er umogleg å tenka på slike folk og sjå anna enn ettermælet. Tittelen, My Friend Dahmer, verka umogleg. Tilrådinga kom med eit atterhald om at dette var bestialske greier. Perfekt sommarlesing, med andre ord.

Boka er teikna og skriven av Derf (John) Backderf. Etter at Dahmer vart avslørt i 1991, starta Backderf å bearbeida minna frå ungdomstida. Han skriv og fortel både om det han merka seg med sjølv, og det han har fått frå andre kjelder. Gutane såg at det var noko creepy med Dahmer, men det er eit langt steg frå å vera creepy til å valdta, drepa og partera 17 gutar og menn. Dahmer var annleis, men ikkje den første på Revere High School dei hadde peika ut som seriemordar.

To you, Dahmer was a depraved fiend, but to me he was a kid I sat next to in study hall and hung out with in the band room. 

Ein del vert sett gjennom gutungane sine auge, andre ting har Backderf samla inn frå ulike kjelder (med kjeldeføring!). Totalt visar teikneserien ein tenåring som er fascinert av dyrekadaver, og som skremmer seg sjølv med tankar han veit er vonde. Eksperimenta hans vert sjukare og sjukare, og innimellom glipp den allereie ganske dårlege fasaden. Etter kvart drikk han seg full kvar skuledag for å undertrykka skremmande seksuelle lyster, utan at nokon vaksne ser ut til å bry seg særleg med det.

For nokon vart Dahmer ein prototyp på guten samfunnet svikta. Ein stakkarsleg misfit som ikkje vart sett eller forsvara av dei som hadde moglegheita til det. Klassekameraten avviser dette blankt. Vondskapen kan ikkje unnskuldast, han valde vegen sin sjølv: «Pity him, but don’t emphasize with him». Kan vondskapen forklarast eller unnskuldast? Gutane hadde ei kjensle av at det var noko annleis med Dahmer, noko creepy, men kven kunne vel ha tenkt seg til kva som eigentleg var på ferde? Teikneserien gir eit uhyggeleg innblikk i korleis det var å vera klassekompis med ein som gjekk frå å vera creepy til å verta ein av dei mest bestialske seriemordarane i amerikansk historie. 

Korleis seie noko vettugt om ein sjanger ein ikkje kan så mykje om? Det er vanskeleg å sjå vekk frå den openbart fascinerande historia, men verktøya Backderf brukar for å få ho fram er mektige. Den kraftige skuggelegginga understrekar uhygga. Han eksperimenterer med skuggelegging og perspektiv på ein måte som driv forteljinga og uhygga framover. Innslaga av små portrett og skisser Backderf teikna då han gjekk på vidaregåande bidreg til kjensla av å følga utviklinga i real time. 

 

 

 For å konkludera: Ei god gatewaybok for ikkje-teikneserielesarar.

 

Under His Eye

Jaja, kunsten etterliknar livet, si.

I’m sorry there is so much pain in this story. I’m sorry it’s in fragments, like a body caught in crossfire or pulled apart by force. But there is nothing I can do to change it.

Det kjennest som eit lite tiår sidan eg såg at The Handmaid’s Tale skulle koma som serie. Eg var gira eg skulle berre lesa boka først. Difor er eg seint ute til festen, eg trur ikkje eg har mista/forlagt/gløymt ei bok så mange gonger før. Det tok difor eit godt år, men eg las boka ut førre veke, ikkje klar for at ho skulle stoppa der ho gjorde. Eg var svimmel av intensiteten. Det er kvelande å ta del i alle overgrepa når samfunnet er overgriparen.

Samfunnet, Gilead, er eit gjennomført patriarkalsk regime, plaga av barnløyse. Få kvinner er i stand til å føda friske, levande ungar. Dei kvinnene som tidlegare hadde ein (i patriarkatet sine auge) moralsk livsførsel vert sette inn i teneste som surrogatar. Den einaste verdifulle delen ved desse kvinnene er livmora. Offred er ei tenerinne. Of Fred. Ho har ikkje lenger noko namn. Det viktige er ikkje kven ho var, men kven ho no høyrer til. Ho er satt inn hjå Fred for å unnfanga born på vegne av den ufruktbare kona. Me får glimt av livet på opplæringssenteret og frå livet før Gilead. Dei vert kalla tenerinner, men det er ikkje anna enn slaveri. Dei vert haldne under strengt oppsyn. Langs «Veggen» kan dei sjå kroppane til dei som har brote ein av dei mange lovane i dette forvridde teokratiet.

Helsinga «under his eye» kunne vore eit fromt lykkeønske, men det er ei åtvaring. Religionen Gilead er tufta på har ingenting med kristendomen å gjera, «han» er patriarken, sjølve samfunnet. «Under his eye» er ei påminning om at det er auge over alt. Ikkje drit deg ut. Narrativet er hoppande, forteljinga vert fortald med ei hast som fortel noko om desperasjonen til Offred, som skildrar eit levande mareritt.

I want to be held and told my name. I want to be valued, in ways that I am not; I want to be more than valuable. I repeat my former name; remind myself of what I once could do, how others saw me. I want to steal something.

All science fiction inneber eit kva viss. Det er ofte dei store verdiane som står på spel, som ytringsfridom, overvaking og sortering. Det er ikkje meininga å vera politisk, men det er klin umogleg å skriva om denne boka utan å vera det. Som sjanger har science fiction eit særleg politisk potensial. Han er godt eigna til å undersøka problematiske tendensar sin ytste konsekvens. Akkurat denne veka kjennest det som om ein ikkje treng så himla god fantasi for å koma på plottet i The Handmaid’s Tale, der det sentrale er: Du er verdifull, men du har ingen verdi. Du eig ikkje deg sjølv. Du er ikkje deg sjølv, du er ein funksjon: Det livmora di er i stand til. Eit heilagt ansvar.

På nyheitene: Funksjonen din er viktigare enn evna og moglegheiten til å sjå kva som er best for deg, familien din, situasjonen din eller dykkar. I ein vanskeleg livssituasjon får du ikkje tillit til å ta det tyngste valet i ditt liv, du må få godkjenning av ei nemnd. Dette hadde ikkje kjentest så ille viss det hadde vore basert på rådande verdiar, det råtne er at desse heilt grunnleggjande rettane vert brukte som basketballkort i eit politisk maktspel. Som om kvinner i Noreg står i kø for å få utført fosterreduksjonar (me kan godt slutta å kalla det tvillingabortar). Dette er kun ein trøystepremie for eit parti som ikkje fekk den eigentlege vilja si, og ofra er kvinnene.

Det handlar ikkje berre om kvinna si rett til å ta vanskelege val, men synet på kvinna som kapabel til å ta desse vala. Dette synet har blitt gjort til eit politisk forhandlingskort, og dette kortet vil eg ha tilbake. Dette er ikkje Gilead. Men 2019 har berre vart i nokre veker, og eg føler allereie at eg eig livmora mi litt mindre enn eg gjorde før.

Eg veit at dette er ei bok eg kjem til å lesa igjen.I mellomtida er det berre å kosa seg med spin off-en NRK produserer no, den heiter “regjeringsforhandlinga”. Det har vore særleg mykje spenning knytta til det mannlege castet.

Shout out til Norli:

 

View this post on Instagram

 

Kan du bære én bok kan du bære to. Bare så det er sagt. #norlibokhandel #norli #bokhandel #nrkbok #detdumålese #bedremedbok #godbok

A post shared by Norli Bokhandel (@norli_bokhandel) on

Nolite te Bastardes Carborundorum.