Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/load.php on line 651

Notice: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/theme.php on line 2241
signebraut – Eseløre
Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/formatting.php on line 4382

Author: signebraut

To pandemiar for prisen av ein

Åtvaring 1: Dette innlegget ber preg av at eg ikkje har prata med så mange dei siste dagane.

Åtvaring 2: Dette er første gong eg har vurdert ein liten trigger warning, for her skal det altså handla om epidemiar.

Det klør nok i alle sin indre hypokondar no for tida. For vår del er den største sorga at me ikkje fekk kjøpt nok cola før me byrja å hosta, men som nesten resten av landet har me no bunkra oss inne, to vaksne og ein fugl. Den siste er godt kjend med karantenekonseptet, så for han er ikkje kvardagen så annleis. Dagane er travle med heimekontor og læring av nye undervisningsmetodar, men noko får ein jo gjort likevel, mellom Zoom, YouTube og MediaSite. Som mange andre har eg gjenoppdata det fulle potensialet i omgrepet “fritid”. Ukulele, vasking av klede (definisjonen av Sisyfos-arbeid), lesing av bøker, snakking om bøker og skriving om bøker. Desse bøkene har eg tenkt å skriva om lenge. For meg har dei gått frå spanande og uhyggjelege til “hm, kanskje litt aktuelt?” til “brennaktuelt”. Og her deler me oss nok i to leirar. Dei som treng å kjenne på det skumle, og dei som prøver å unngå det. I desse bøkene døyr nesten alle, og igjen står det berre nokre få ungdomar igjen, som må prøva å etablera ein slags normal.

Ved sidan av hypokondaren bur det ei skikkeleg pyse. Eg har for eksempel til gode å sjå ein heil skrekkfilm i strekk. Sjå til dømes på filmatiseringa av Roald Dahl sin Heksene, som eg meiner MÅ vera ein skrekkfilm – hallo, det er ei heksedame der som kler av seg ansiktet sitt! Men det er litt godt med filmar av bøker som er skumle fordi dei er så ulike røynda. Like enkelt er det ikkje i I morgon er alt mørkt (Sigbjørn Mostue) eller Ett sekund om gangen (Sofia Nordin – fått av forlaget -). Det er ingen som tek av seg ansiktet for å avsløra ekle, rottete heksefjes. Det sentrale plottet i begge trilogiar tek utgangspunkt i ein mystisk feber som sprer seg, sakte men sikkert.

 

Sigbjørn Mostue sin serie, I morgen er alt mørkt, startar med Brages historie. Der får me høyra om ein pandemi som startar i eit land langt vekke. Først i Kina, så i Europa, så i Norge. Dette er ein feber som gjer folk forrykte, ein slags zombietilstand der dei som er råka vert overvelda av eit primitivt sinne. Dei er livsfarlege for kvarandre, og den einaste måten å overleva dei forrykte på, er å drepa dei. Dette gjeld uansett kven det er, til og med om det er faren din. Brage forstår at han ikkje er trygg nokon stad. Når foreldra vert forrykte legg han på sprang. Saman med nokon han kjenner, men møter meir eller mindre tilfeldig, kjem han seg til barndomshytta. Redsla for å bli smitta av viruset er dominerande, men samtidig må dei få etablert eit samhald. Dei må vera sterke saman for å få mat, og for å stå mot viruset. Hugsar de at eg sa at den einaste måten å bekjema dei forrykte på er å drepa dei? Brage er ein interessant protagonist, som må ta stilling til mange dilemma. Enkelte vert nokså absurde i det nye tilveret. Den neste boka er skriven frå Marlen sitt perspektiv. Dei er i same reisefølgje, og det er ein del motstand mellom dei. Eg høyrde både Marlen og Brage sine forteljingar på Storytel, og Sigbjørn Mostue er ein glimrande opplesar. Den siste boka, Når historien slutter, er litt for hektisk for min smak, men absolutt verdt lesinga!

 

 

 

 

 

 

 

 

I Ett sekund om gangen veit me ikkje like mykje om fara som trugar. Hedvig har flykta frå byen. Alle ho kjenner er døde av ein feber som kom heilt plutseleg. Ho slit med minnet om veslebroren, med dei febersvette krøllene, som ho måtte forlata. Ho flyttar inn på ein gard som står tom. Naturfagslæraren tok dei med dit ein gong, og det er både hestar og kyr der. Hedvig kan ingenting om korkje hestar eller kyr, men det er bøker om gardsdrift der, og ho klarar å skaffa både mat og drikke.

Plutseleg kjem det ei jente til på garden. Ho heiter Ella, og er heilt forskjellig frå Hedvig. Den eine er impulsiv, den andre er gjennomtenkt. Den eine snakkar lett og mykje, den andre er sjenert og tilbakehalden. Før febaren hadde dei ikkje vorte venner, men slik det er no er det ikkje så mange å velja mellom. Saman skal dei prøva å starta ein heilt ny kvardag. Bøkene er fulle av slike konfliktar som kan oppstå når folk som elles ikkje ville hatt noko med kvarandre å gjera plutseleg har eit dødsviktig prosjekt: å berga liva. Eg fekk som sagt Ett sekund om gangen som leseeksemplar, men ho var spanande nok til at eg kjøpte bok nummer to sjølv.

I både I morgon er alt mørkt og Ett sekund om gangen er det ulike forteljarstemmar i kvar bok. Det gjer at bøkene er svært varierte, men der både Brage og Marlen i I morgen er alt mørkt er engasjerande, er det ikkje tilfelle med alle karakterane i Spring så fort du kan. Utan å røpa for mykje, er karakterane i dei to første bøkene meir interessante og “likande” enn i den tredje. Den har eg ikkje noko stort behov for å lesa akkurat no, feber eller ei. Der Brages historie og Marlens historie får deg til å halde pusten, er heller ikkje Når historien slutter fantastisk, men dei to første bøkene gjer det umogleg å ikkje ha lyst til å finna ut korleis det gjekk. Det går utmerka godt an å lesa Sofia Nordin sine bøker uavhengig av kvarandre, og dei er både spanande og underhaldande. Litt ekstra spanande no. Det er noko uimotståeleg med ungdomsdystopiar. Dei har eit forlokkande element av “tenk viss” i seg. Sjølv om eg har kjent litt på både pysa og hypokondaren er eg ganske avslappa, men det er ikkje like “tenk viss”-ete no som det var i januar, då eg las ferdig Spring så fort du kan. Heldigvis er me framleis trygge for zombiar. Men det skulle eg kanskje ikkje ha sagt?

Spør vinden

Ein gamal favoritt. 

Samlinga Spør vinden kom ut i 1976. Til meg kom ho i 2018. Eg veit ikkje når eg oppdaga Hauge. Sjølvsagt var det i eit klasserom. Det er der dei fleste vert kjende med Hauge. Slik pleier det å gå føre seg: I norskklasserommet, først med Noregs vakraste dikt, «Det er den draumen» . så «Sleggja», og til sist livshistoria. Det er vanskeleg å ikkje bli treft av (myta om) den stillfarne eplebonden som sat på eplegarden i Hardangar og stirra på eit kirsebærtre. Og ut frå alt dette kom det både små og store ord om små og store ting. Legg til korleis livet hans tenderte til å gå i femårssyklusar, der ei utgjeving ofte vart fulgt av eit sjukehusopphald, og at han møtte den store kjærleiken seint. Slik prøver norsklæraren å fanga tenåringen si interesse. Og slik let eg meg sjølv òg fascinera og romantisera, men! Men! Dette har ført til ein alt for trang boks. Som eg skreiv var det heilt sikkert i eit klasserom eg vart introdusert for Hauge, men eg veit framleis ikkje når eg oppdaga han, om de skjønar kva eg meiner. 

I ei av dagbøkene sine skreiv Hauge at «Den som verkeleg har vore galen i nokre år, prøver å leggja seg etter fornuft når han skriv; den som alltid har vore normal, prøver å skriva som han er galen». Det er vanskeleg å skriva noko kortfatta om forfattarskapen (tykkjer eg), for ho rører innom så mykje. Det kvardagslege vert somme gonger opphøgd til å innebere noko meir, mange gonger vert det undersøkt i sin eigen verdi. Han finn og viser oss meining i både stort og smått. Slik er det òg med Spør vinden. Han skriv om alt som yrer og gror  i det skjulte. Vinden har svar. Han skriv om å møta kjærleiken. Han skriv om å skriva:

Gjennom «fornufta» trekk han oss inn i skrivinga. Samstundes – og det er her men-et kjem inn – går han i dialog med verdslitteraturen. Frå eplehagen skriv han om – eller til – diktarar. Han meistrar ulike former. Frie vers, haiku, til og med sonetter. Dette er òg ein slags litterær posisjonering, som skapar ei spenning mellom den sida av diktinga, og den lauvhytta han trekk meg inn i frå same eplehage. Der finst det mange andre vakre dikt. Ein av mine absolutte favorittar kan du finna i ei anna samling, Dropar i austavind:

Du var vinden

Eg er ein båt
utan vind.
Du var vinden. 
Var det den leidi eg skulde?
Kven spør etter leidi
når ein har slik vind!

Løp og les!

Fun Home

I 1980 vert Bruce Bechdel påkøyrd. Det kan ha vore eit uhell, men dottera, Alison Blechdel, meiner at det må ha vore eit sjølvmord. Han bar på ei dårleg skjult hemmelegheit. Me får tidleg vita at han har hatt sex med fleire unge tenåringsgutar, og forfattaren får eit nytt syn på alle gutane som gjekk inn og ut av den plettfrie barndomsheimen. I denne sjølvbiografen prøver ho å verta betre kjend med faren sin.

Gjennom å undersøkja faren, tek ho oss med seg på ei reise i forfattaren sitt liv, og søkinga etter seksuell identitet. Sjølvbiografien Fun Home er ei danningsforteljing, Ho startar med eit minne om å leika fly med faren:

Myta om Ikaros og Daidalos vert anslaget for forteljinga, og eit motiv ho ofte kjem tilbake til. Labyrinten var Daidalos sitt meisterverk. Ikkje ein labyrint, men labyrinten. Han vert sjølv fanga, saman med sonen. Han gir Ikaros vengjer. Trass åtvaringa frå faren, flyg han for nær sola, og døyr. Daidalos gir sonen både nøkkelen til fridom, og årsaka til undergangen.

Sjølv om dette strengt tatt ikkje er eit strukturerande prinsipp, er det ein av fleire allusjonar som kan gi eit nytt perspektiv på forholdet mellom far og dotter. Allusjonane i seg sjølv kan vera ei kopling av det Bruce og Alison delte: stor vitelyst og ei meisterleg litterær innsikt. Overalt ser ho etter parallellar, mellom faren og Wilde, mellom Joyce, mellom Bruce og Alison, og så vidare. Slik prøver ho å skapa meining på fleire vis, både med tanke på rolla faren spelte i sitt eige liv og sin eigen død:

Me møter ikkje eit nært far-dotter-forhold, men ei som famlande prøver å forstå seg sjølv gjennom faren. Sjølv om eg får Fun Home til å høyrast ut som ei bok som er skriven meir i moll enn i dur, ligg Bechdel sin sardoniske humor rundt forteljinga som eit mjukt teppe. Eg les mykje kjærleik i boka, om enn på avstand. Dette er ein fin teikneserie for ikkje-teikneserielesarar, som meg.

Av måneskinn gror det ingenting

I dette innlegget kjem eg til å halde ein diskusjon med min yndlingsdiskusjonspartnar, altså meg sjølv. Viss du vert demotivert av lengda kan du få kortversjonen her: Av måneskinn gror det ingenting er ei sabla god bok, som fortener ein større status enn«den der abortboka».  Viss du har lyst til å lesa kvifor, og kanskje utvida diskusjonen slik at ho går mellom fleire enn meg og meg sjølv, kan du lesa litt meir her:

(ingen spoilers, eigentleg)

I Av måneskinn gror det ingenting møter me ein mann som er ute og søker etter ei kvinne han møtte tretten dagar tidlegare. Ho hadde blitt med han heim, og gitt han eit val: «(…)Du kan få kroppen min, eller sjelen min. Du kan velge. Når jeg ikke kan få begge deler, da velger jeg sjelen din. Kroppen er mye vakrere, sa hun. Medan ho anklaga diktarane for å prøva å gjera sjølv det stygge vakkert, ville ho fortelja ei stygg historie. Ho kallar ho banal. Lyttaren tenker: 

En menneskesjel er en ting, som bare har betydning for de som selv har en sjel. En stor del av menneskeheten har ingen. Og de som har en, tar seg vel i vare for å utlevere den. Det er derfor opplevelsen er så voldsom, når en ved et førstegangs møte kjenner berøringen av det man kaller et menneskes sjel.

Ho set seg ned, drikk seg full, og snakkar natta gjennom. Romanen er konstruert som ein monolog, avbroten av små sceneskildringar som visar oss korleis tida går og korleis intensiteten byggjar seg opp. Ho er sjuk. Ho har ei historie som forteljast, og det gjer ho med ein stadig veksande intensitet. Dette “førstegangs” møtet set spor, både hjå den som leitar etterpå, og meg som lesar. 

Kvinna vaks opp i eit gruvesamfunn, men ynskja seg vekk. Det var mykje snakk i bygda, og særskilt mykje om skam. I den fasa av livet vart ho overvelda av det vakre. Ho kunne sitja i store kyrkjerom med lukka auge og kjenna på orgelbruset. Mange trudde at ho var religiøs, men det var musikken som trakk ho til slike rom. Noko fekk ho likevel med seg: Presten harma om synd og utukt. Slikt vert straffa hardt, både i kyrkja og i bygda, og ho får eit rykte på seg. Etter ein dans slapp ho så vidt unna ein gut som prøvde å valdta henne, men han serverte bygda ei historie med ein annan ende. Det at den småheilage jenta frå kyrkja hadde lete seg forføra på dette viset var skandaløst nok til å få ryktet til å gå. Allereie her vert historia stygg. Avstanden mellom det skjønne ho alltid har søkt etter står i sterk kontrast til det stygge ho ynskjer å visa fram. Ho finn skjønnheita mange stadar: I musikken, i solidaritet med Kristusfiguren i kyrkja, som vendar eit anklagande blikk mot preikestolen der presten forkynner om rett og gale, og ikkje minst i den store kjærleiken. 

Når ho er sytten møter ho den tidlegare læraren sin, Johannes, og vert forelska. Han gjev henne alt ho vil ha – i løynd. Han tek ho med seg på ferie og let ho leika hus. Ho ser opphavet sitt frå utsida, og med forakt forstår ho kor stygg og skamfull bygda og familien er. Men sjølv den største kjærleiken har sine grenser, og Johannes vel henne vekk. Han giftar seg med Svanhild, med fin familie og eit plettfritt rykte. Eit smartare val dersom livsambisjonen din er å koma inn i kommunestyret (noko eg tykkjer er veldig, veldig artig). Den store lukka er over, og ei serie med ulykker følgjer. Ho vert gravid. Fleire gonger. Det er særleg abortskildringane som i si tid gav romanen ei sentral rolle i norsk kulturhistorie. Ho har ofte vore behandla som eit debattinnlegg, noko eg meiner er djupt urettsamt mot romanen sin kvalitet.

Dette er openbart ein roman som tek opp eit sentralt samfunnsproblem. Slik stiller ho seg utvilsomt i den realistiske tradisjonen, men det er eitt spørsmål eg skulle ynskja fleire stilte: Kva er eigentleg problemet her? I den delen av litteraturhistorien «folk flest» møter, altså norskundervisninga, referer (i den grad ho vert referert til) til romanen som «den der abortboka». Kva er det som vert sett under debatt? I kyrkjerommet ho gjekk inn i for å la seg omfamna av brusande orgelmusikk tenkjer ho følgjande om presten sine ord:

Hvordan skulle en allmektig og rettferdig Gud kunne tillate at Satan skapte kjærlighet hos en ung pike som ingenting galt har gjort, kan du si meg det? Kan du si meg det, du?

Å nei du. Det var ikke mye trøst i det som presten sa.

Han sa at utukt var den verste synd. – De syndene som menneskene ellers gjør mot hverandre, de, snakket han mindre om. Sladderen, småligheten, løgnen – giften som vi dreper hverandre med, den nevnte han ikke.

Vi dreper ufødte småbarn. Hver dag blir det drept ufødte småbarn, men det nevnte han ikke.

Hvem er det som dreper dem, tror du? Jeg skal si deg det!

Det er blant andre prestene. Det er alle dem som holder liv i den løgnen, at driftene er skapt av Satan og at utukten plutselig blir til kjærlighet, når folk blir gifte. Presten leser et ritual og sier amen mot erleggelse av noen kroner som heter gebyr, og så har Gud velsignet akten. Ja, da er den blitt plikt. Plikt, plikt, plikt hører du – for alt i verden ikke lyst.

 Kvinna vert dømd for ei rekke kvinnelege synder: påstått promiskuitet, graviditet, abort. Men den eigentlege synda her er dei syndene me alle begår dagleg: småsnakk, baksnakk, løgn. Ikkje berre overgår presteskapen og samfunnet elles dei største syndene, men forårsakar dei. Dette fokuset føler eg har vorte marginalisert i ein roman der aborten er eit symptom, ikkje ein årsak. Det er dette som gjer at eg tykkjer at boka fortener ein større lesarskare i dag òg. 

I dei mange forenklingane som vert gjort når ein snakkar om ulike litterære tradisjonar vert tendensromanen (= den som tek føre seg store samfunnsproblem) somme gonger sett opp som ein motsetnad til såkalla estetiske romanar. Eg-et kallar historia si banal. Nedreaas har vorte kritisert for å ha ein platt skrivestil (Sayéd 2016:19) . For det første meiner eg heilt personleg og subjektivt at dette er ei stilistisk god bok. Hakkande og gjentakande fortel eget si eiga forteljing på ein fragmentert og stadig meir intens måte, som speglar den febrilske trongen til å få fram det stygge. Viss forfattaren brukar klisjéar og banalitetar (noko eg er usamd i, men la oss seie at det er slik), kvifor kan me ikkje tillate eg-et å fortelja si eiga livshistorie på ein måte som framhevar desperasjonen hennar?

Sjølve tittelen er poetisk og forlokkande, men ho får snart meining. Søkinga etter det skjønne er eit klart motiv. Men, som kvinna gjentek igjen og igjen, er ikkje måneskinnet noko anna enn ein refleksjon av den livgivande sola. Slik får eg djup sympati med ho som heile tida leitte etter venleik og kjærleik, utan å få nokon av delane. 

Fleire har lese og meint noko om boka: Hedda (her og her),  Ellikken, Birthe, 

Tre røyster frå Gilead

The Testaments er oppfølgjaren til The Handmaid’s Tale, så viss du har store motførestillingar mot spoilers bør du lesa noko anna. Som for eksempel omtala mi om The Handmaid’s Tale.

Den fiktive post-amerikanske staten Gilead høyrer til eit verdsbilete som er radikalt annleis frå vårt. Den største skilnaden er kvinnene si fullstendige underkasting. Av ein grunn me ikkje får innsikt i er dei fleste kvinner ufruktbare, og i dei fleste tilfella kan ikkje par få born. Då tek dei til seg tenestekvinner. Gjennom rituelle valdtekter nærar dei håpet om at ho vil kunne forsyna paret med eit nytt barn. Dette krevjar at kvinner godtek lagnaden sin utan å stilla spørsmål Igjen betyr det at kvinner ikkje kan få lov til å lesa, handtera pengar eller gjera andre ting som kan føre til uanstendige tankar om fridom og sjølvråderett. Alle veit at det ikkje alltid har vore slik, men når The Testaments, eller Gileads døtre på norsk, startar, er det få som hugsar korleis det var eller kvifor det har blitt slik det er no. 

The Testaments startar femten (eller rundt der omkring) år etter at Offred møtte ein uviss lagnad. Sjølv om spørsmålet om dette plaga meg i fleire veker – for så god var faktisk boka – var det litt godt å la uvissa vera nettopp det, slik at det låg ein moglegheit for ein lukkeleg slutt. I det minste for ho. Eg ville at det skulle vera slik. The Handmaid’s Tale er transkripsjonar av lydband som Offred har latt igjen, og me forstår at dette arbeidet vert gjort som eit akademisk eller historisk arbeid etter oppløysinga av Gilead. Me veit difor sikkert at Gilead forsvinn, men me veit ikkje når eller korleis. Då eg kjøpte The Testaments var det i von om å få fleire svar på dette – men dette kjem eg ikkje til å dela med deg!

I den første romanen kunne kvinnene hugsa dei tidlegare liva sine, men i løpet av åra som har gått er den gamle verda knapt eit fjernt minne. Dei unge kvinnene har ikkje kjent til noko anna enn eit samfunn der «[kvinners] bestemmelse er å giftes, ikke å bli lykkelige». Dei har meir eller mindre godteke den fullstendige underkastinga. Men Agnes opplever to traumatiske hendingar som gjer tanken på giftarmål vanskeleg, for ikkje å seie uuthaldeleg. Ho vert valdteken av tannlækjaren, slik at ho ikkje skal bli overraska på bryllaupsnatta, og ho vert vitne til korleis ei tenestekvinne blør i hel under fødsel, utan nåde eller miskunn. Slik lurer ho på korleis ho skal kunne takla dette livet – eller om det er mogleg i det heile tatt. Ho er ei av tre forteljarar. Den kanadiske ungjenta Daisy finn ut at Gilead har meir med henne å gjera enn ho først trudde. Vekslingane mellom desse fungerer svært godt, men det er nok Tante Lydia som fører pennen med størst autoritet. I The Handmaid’s Tale etablerte ho seg sjølv som ein kalkulerande og manipulerande tyrann. Ho gjer krav på å sitja med den heile sanninga, og som lesarar vågar me ikkje å gjera anna enn å tru på henne. Me får dessutan vite korleis Tante Lydia gjekk frå å vera familierettsdommar i det gamle USA til å bli ein autoritær oppsedar av tenestekvinner. Her er eit lite hint: 

I was parked inside my twilit cell for an unknown length of time, but it couldn’t really have been that long judging from the length of my fingernails when I was brought out of it. Time, however, is different when you’re shut up in the dark alone. It’s longer. Nor do you know when you’re asleep and when you’re awake. 
Were there insects? Yes, there were insects. They did not bite me, so I expect they were cockroaches. I could feel their tiny feet tiptoeing across my face, tenderly, tentatively, as if my skin were thin ice. I did not slap them. After a while you welcome any kind of touch. (…)
Did I weep? Yes: tears came out of my two visible eyes, my moist weeping human eyes. But I had a third eye, in the middle of my forehead. I could feel it: it was cold, like a stone. It did not weep: it saw. And behind it someone was thinking: I will get you back for this. I don’t care how long it takes or how much shit I have to eat in the meantime, but I will do it.

Dei tre kvinnene skildrar ulike sider ved Gilead: slik det kom til, slik det er, og korleis det kan bli. Dei nøkterne, og like fullt groteske, skildringane av tortur og avrettingar frå den første boka er vekke i The Testaments, men det er likevel uhyggjeleg lesing. Som eg skreiv i omtala av den førre boka er noko av det nifsaste med det universet Atwood målar fram for oss at det ikkje er utenkeleg. Sjølv om samfunnsstrukturen er radikalt annleis frå var, kjennest det ikkje heilt urealistisk. Det er vanskeleg å lesa utan eit «men tenk viss» i bakhovudet. I likskap med forgjengaren er altså The Testaments svært uhyggjeleg lesing. Nokon skilnadar er det likevel. Dei viktigaste er at The Testaments er langt meir actionprega, og boka framstår dessutan som eit meir tydeleg satirisk verk, moglegvis på grunn av dei beiske betraktningane til Agnes, Daisy og Lydia. Eg var i utgangspunktet skeptisk til oppfølgjaren, men som du ser av tekstmengda er engasjementet stort. Viss du elska den første (det gjorde eg) kjem du til å elska denne (det gjorde eg)! 

Når tankane går i spinn

Ada har hovudet fullt av tankar. Ho engstar seg for mykje, og tankane vert ofte store og tunge å bera. Når litlesystera til bestekompisen spør kvifor ho har så tungt hovud, seier ho at dei tusen tankane gjer hovudet større og større. Når ein kan dela tankar vert dei berre halvparten så tunge, har mamma sagt. Ho delar ofte tankar med Rolf. Men ein dag flyttar det inn ei ny jente, og Ada held på å miste Rolf. Ho har ikkje nokon å dela tankar og bekymringar med. Hovudet vert så stort at det er vanskeleg å halde oppe, og Ada prøver å få Rolf tilbake. Bursdagen hans er på veg, og ho stel ein penge for å kunne gje han den beste gåva, men det gjer ingenting lettare.

På omslaget til Tankespinn (Kari Stai) ser me ei jente utan ansikt. Augo, nasen og munnen ligg på bordet framfor ho. Kva kan dette bety, spør eg i undervisninga. Det kan bety ei heil rekke ting, seier studentane: Jenta har mista ein del av seg sjølv. Ho har mista kontakten med seg sjølv. Ho har mista, eller tapt, ansiktet – jenta opplever at ho har mista andre sin respekt. Ho kan berre sjå seg sjølv utanfrå. Og så vidare. Omslaget viser korleis boka kan legga til rette for undring og samtale rundt sjølvoppfatning. Klårare vert det når me opnar boka:

Dette er eit utsnitt av innsidepermen, med symbol som har med tyngde, lettheit og knutar å gjera. For når ein har for mange store tankar, og ingen å dela dei med, kan tankane slå knute på seg sjølv. Stai gjer god nytte av parateksten, og allereie før me møter teksten fortel ho korleis tankar kan vera: Flyktige, lette, tunge, kompliserte, uløyselege, fridom og fengsel. For slik er det for Ada. Fantasien kan ta ho heilt ut i verdsrommet, men den kan og føra til alle slags tenk om-tankar:

Tenk om mamma finn ut om pengen. Tenk om torsken aldri forsvinnn.
Tenk om Rolf ikkje vil vere vennen hennar meir.
Tenk om alt dei seier på radioen, er sant.
Tenk om hovudet hennar sprekk og tankane sprutar utover og blir borte.
Tenk om mamma døyr av hovudkreft eller blir lei av Ada.
Tenk om tankane aldri finn svara sine.

Ho kan ikkje fortelja dette til nokon. Rolf er ikkje lenger berre Ada sin, og viss ho seier noko til mora vil mora bli sint fordi ho stal. Tankane hennar går i spinn, og dei veks og veks:

Ada får bursdagsinvitasjon av Rolf.
Klar for kastanjeraketten og nye planetar? spør Ada.
Kan vi ikkje heller vere på trampolinen til Vilde? Eg må dit med bursdagsinvitasjon, seier Rolf.
Trur ikkje ho er heime, seier Ada.
Ada kjenner at tankane blir harde som steinar. Hovudet blir så tungt at det knakar i kraniet.

Kari Stai har og forfatta og illustrert Jakob og Neikob-bøkene. Illustrasjonane i Tankespinn er markant ulike frå desse. Eg har teke bileta med telefonen, så dei kjem på ingen måte til sin fulle rett i dette innlegget. Dei er svært røffe og ekspressive, og fargebruken illustrerer utviklinga i Ada sitt indre liv på ein måte som er både tydeleg og inviterande. Det fører til at det er lett å leva seg inn i korleis grublinga til Ada tek overhand, og kor skummelt det er å ikkje kunne dela tankar — men på den andre sida er det like lett å sjå alt det gode tankane kan gi Ada. For dei kan og laga rakettar og flygande teppe som kan gå heilt ut i verdsrommet! 

My Friend Dahmer

Eg held på med ei (evigvarande) litterær danningsreise, der eg mellom anna prøver å utvida horisonten til å inkludera nye sjangrar. Teikneseriar for vaksne er litt framand for meg. Teikningar? Supert! Tekst? Hallo! Kominasjonen mellom dei to, derimot, krev øving, og øving er diverre ikkje noko eg er særleg god på. Men av og til vert manglande innsatsvilje overkøyrd av forlokkande titlar. Eg spionerte i bokhylla til ein kollega, og kom over ein slik tittel. Dette er ei bok om Jeffrey Dahmer: Amerikansk seriemordar, valdtektsmann og nekrofil kannibal. 17 liv på samvitet, viss han hadde noko slikt. Det er umogleg å tenka på slike folk og sjå anna enn ettermælet. Tittelen, My Friend Dahmer, verka umogleg. Tilrådinga kom med eit atterhald om at dette var bestialske greier. Perfekt sommarlesing, med andre ord.

Boka er teikna og skriven av Derf (John) Backderf. Etter at Dahmer vart avslørt i 1991, starta Backderf å bearbeida minna frå ungdomstida. Han skriv og fortel både om det han merka seg med sjølv, og det han har fått frå andre kjelder. Gutane såg at det var noko creepy med Dahmer, men det er eit langt steg frå å vera creepy til å valdta, drepa og partera 17 gutar og menn. Dahmer var annleis, men ikkje den første på Revere High School dei hadde peika ut som seriemordar.

To you, Dahmer was a depraved fiend, but to me he was a kid I sat next to in study hall and hung out with in the band room. 

Ein del vert sett gjennom gutungane sine auge, andre ting har Backderf samla inn frå ulike kjelder (med kjeldeføring!). Totalt visar teikneserien ein tenåring som er fascinert av dyrekadaver, og som skremmer seg sjølv med tankar han veit er vonde. Eksperimenta hans vert sjukare og sjukare, og innimellom glipp den allereie ganske dårlege fasaden. Etter kvart drikk han seg full kvar skuledag for å undertrykka skremmande seksuelle lyster, utan at nokon vaksne ser ut til å bry seg særleg med det.

For nokon vart Dahmer ein prototyp på guten samfunnet svikta. Ein stakkarsleg misfit som ikkje vart sett eller forsvara av dei som hadde moglegheita til det. Klassekameraten avviser dette blankt. Vondskapen kan ikkje unnskuldast, han valde vegen sin sjølv: «Pity him, but don’t emphasize with him». Kan vondskapen forklarast eller unnskuldast? Gutane hadde ei kjensle av at det var noko annleis med Dahmer, noko creepy, men kven kunne vel ha tenkt seg til kva som eigentleg var på ferde? Teikneserien gir eit uhyggeleg innblikk i korleis det var å vera klassekompis med ein som gjekk frå å vera creepy til å verta ein av dei mest bestialske seriemordarane i amerikansk historie. 

Korleis seie noko vettugt om ein sjanger ein ikkje kan så mykje om? Det er vanskeleg å sjå vekk frå den openbart fascinerande historia, men verktøya Backderf brukar for å få ho fram er mektige. Den kraftige skuggelegginga understrekar uhygga. Han eksperimenterer med skuggelegging og perspektiv på ein måte som driv forteljinga og uhygga framover. Innslaga av små portrett og skisser Backderf teikna då han gjekk på vidaregåande bidreg til kjensla av å følga utviklinga i real time. 

 

 

 For å konkludera: Ei god gatewaybok for ikkje-teikneserielesarar.

 

Vi skulle vært løver

«Jeg er født i august, så jeg er løve. Og så syns jeg det er fint», mumler hun til slutt.
«Det synes jeg også», sier jeg.
«Syns du?» sier Leona stille.
«Ja. Jeg tenkte egentlig at… det høres ut som en jente med superkrefter», sier jeg.
Jeg lurer på Leona kommer til å bli fornærmet eller noe når hun får høre det, men det blir hun ikke. Hun smiler, men smilet forsvinner raskt igjen, som om det angrer på at det krøp fram og ikke tør å vise seg likevel.
«Det er dumt at jeg ikke har superkrefter, da», sier hun.
Jeg tenker litt.
«På en måte har du jo det», sier jeg.

Eg er svært usystematisk i jakta etter bøker. Stort sett treng eg at dei vert dytta i fjeset på meg, og det vert dei stort sett i større fart enn eg klarar å koma gjennom dei! Men i det siste har eg jobba litt målretta mot å finna norske bøker for born og ungdom som handlar om kjønnsidentitet og kjønnsdysfori. Det er fort gjort å koma gjennom. For hundre – fem – år sidan kom eg over ein artikkel som handla om representasjon i barne- og ungdomslitteraturen. Eg hugsar ikkje kor eg fann artikkelen, men ho skreik i alle fall etter litterære førebilete for ulike typar minoritetar. Å prøva å lesa seg gjennom det som finst av (norsk) barne- og ungdomslitteratur om kjønnsdysfori er fort gjort. For litt sidan kom eg likevel over ei perle. 

Eg la til sides ein kveld med burde-burde, og forsvann fort inn i forteljinga om Malin. Malin går på barneskulen og har eit kjedeleg namn og ein kjedeleg kropp. Ein dag byrjar det ei ny jente i klassen, med eit vakkert namn: Leona. Malin ynskjer seg så gjerne ei bestevenninne, og gjer det ho kan for at det kan bli Leona. Men det er noko rart med den nye jenta. Det er akkurat som om ho ikkje har ei fortid. Etter gymmen skiftar ho i eit handkle som nesten er som eit telt. Ein dag er det nokon som løyser handduken, og Leona kan ikkje skjula løyndomen sin. Malin veit ikkje kva ho skal tru. 

Leona er så jentete. Hun kler seg i jenteklær. Hun har blondetopper og leggings med blomster på. Sekken er lilla og rosa. Ingen gutt har en sånn sekk. Ingen gutt tegner hjerter over hele pennalet sitt og har hester på bokbindet. Å se for seg at hun egentlig er gutt, går nesten ikke an. Hele Leona er jentefarget!

Lilla sekk til tross, alle kan sjå at Leona har ein gutekropp. Så ekkelt! Mange av jentene rottar seg saman mot henne, dei krev. Kvifor er ho slik? Kvifor sa ingen at ho var ein han? Kvifor lot dei vaksne dei skifta saman med ein gut? No vert det vanskeleg å vera Malin. Klarar ho å vera lojal mot den nye jenta, som ikkje er ei jente? 

Det meste på nett er ferskvare, og det er nesten flaut å referera til blogginnlegg som er to år gamle, men om det er langt mellom norske barne- og ungdomsromanar om kjønnsidentitet, og endå lengre mellom omtalane av dei. På Deichmanske sin litteraturblogg kan me lesa om eit perspektivskifte, der romanane i mindre grad handlar om å koma ut av skapet, og i større grad om kjærleiken i seg sjølv. Legninga er ein del av karakterane, men ikkje det definerande personlegdomstrekket. Det er veldig spanande og etterlengta med litteratur som aukar representasjonen av marginaliserte grupper, og Leona sin kamp er eit viktig tema. Akkurat det liker eg veldig godt med Vi skulle vært løver. Leona sin kjønnsidentitet er ein viktig pådrivar for plottet. Likevel er det ikkje det viktigaste temaet, og akkurat det tykkjer eg er skikkeleg fint med denne boka. Ho handlar aller mest om Malin, som står over eit eksistensielt val: Kva slags venninne vil ho eigentleg vera?

No er eg ferdig (for no) med å moralisera over litteraturen si oppgåve og alt det der, og vil nøya meg med å seie at det er ei spanande og fin bok om lojalitet. Ho vert marknadsført for mellomtrinnet, men høver godt for alle dei som av og til skulle ønska at dei var ein løve, og det trur eg er dei fleste av oss.


(Elles kan du godt retta blikket austover til Sverige og Brorsan är kungeller vestover til USA og Magnus Chase and the Gods of Asgard for å møta fleire fiktive ungdomar som på ulikt vis lever ut kjønnsidentiteten sin)

Kvifor går det alltid til helvete?

Brannfakkel: Eg. Hatar. Amalie. Skram.

I alle fall gjorde eg det i 2011.

Det er mange kjende byrjingar i dei norske klassikarane, men Sjur Gabriel har ein av dei mest kjende sluttane:

Fra den dag av drakk både mannen og konen på Hellemyren.

Kjapp litteraturhistorisk innføring før me går vidare: Naturalismen. Sjå for deg alt som kan gi bittesmå glimt av glede og livslyst, fjern så dette, og så har du verda slik naturalistane såg ho: Ein studie av menneskeleg elende. Dette var ein del av det moderne gjennombrotet, der kunsten fekk ei ny oppgåve. Han skulle ikkje lenger berre skildra det vakre og fullkomne, men setja samfunnsproblem under debatt. Mange protesterte høglytt mot denne typen sosialpornografi. For litt sidan (fleire månadar sidan, tida flyr når og så vidare) skreiv eg om Gengangere. Ibsen sine skildringar av menneskeleg forfall vart kalla syndige og sjukelege, men Amalie Skram kom han i forsvar. Ho sa at elendet allereie fantest, og det einaste Ibsen kunne vera skuldig i var å avdekka verda slik ho var. Dette var hovudoppgåva til både realistane og naturalistane, men for å seie det ekstremt banalt: Realistane ville visa verda slik ho var, men naturalistane ville finna ut kvifor ho hadde blitt slik. Amalie Skram byrja på ei vanskeleg forteljing, og starta å jakta etter årsaka til at det gjekk som det gjekk med hovudpersonen. Var det arv, lagnad? For å finna svaret måtte ho jobba seg bakover. Der fann ho Sjur Gabriel og Oline. 

I Skram sin tetralogi om Hellemyrsfolket forsøker ho ikkje å avdekka menneskeleg forfall, men å undersøke kvifor ting går som det går. Og spørsmålet om «kvifor» er grunnen til at eg kanskje kan tilgi henne den emosjonelle belastinga denne lesinga er. For du må vera ganske i vater for å kunna utstå forteljinga om korleis Sjur Gabriel går under. Gardsnamnet Hellemyren fortel oss om eit mindre enn ideelt grunnlag for gardsbruk og fisking. Sjur Gabriel er… bonde og fiskar. Kona, Oline, er stort sett gravid, full eller begge delar. Livet til Sjur Gabriel, kona og dei ungane som framleis er i live er hardt og vert stadig hardare. Kvar gong ein ser spor av den gleda og livslysta eg skreiv om i innleiinga veit ein at noko snart kjem til å gå til helvete. Skram skildrar dette i detalj, men med eit nøytralt og journalistisk språk som passar til oppgåva hennar. Ho skal finna, ikkje dømma. Men me får innblikk i karakterane sitt indre, mellom anna tankane til Sjur Gabriel om kvifor ting vart som dei er: 

… Men da han så var reist fra bygden og hadde tatt seg tjeneste mange mil derfra, var det som blåst av ham for bestandig. Av og til hendte det nok, at han drømte om det og våknet gjennemvåt av svette og måtte stå opp og tenne lys og ta seg en skrå for å få sove igjen. Men i de senere år var det blitt sjeldnere og sjeldnere. Hva skulle nu dette bety, at i kveld, som han satt der og tenkte på alt annet, denne gamle, lengst forglemte hendelse skulle komme frem og velte seg over ham som et mareritt. Var det Vårherre, som ville minne ham om hans forgagne synd og la ham forstå, at han ikke hadde glemt den? Var det derfor, han var efter ham med motgang og leielser på alle opptenkelige tanker?

Styr unna viss du vil ha ein happy ending.

Styr unna viss du vil ha ein happy noko.

Eg «hatar» ikkje Skram på grunn av kvaliteten eller innhaldet, men fordi dette er determinisme på sitt aller verste, og undergangen til Sjur Gabriel og Oline er uunngåeleg. Dette er andre gong eg les Sjur Gabriel, og det var berre fordi eg skulle forelesa om ho. Første gong eg las ho var då eg var student. Det var eit hardt semester, og då eg såg morgonsola stå opp over eit halvferdig eksamensoppgåve var det lett å spekulera litt i kvifor og korleis ting kan gå åt skogen, og her syt Amalie Skram for eit rikeleg refleksjonsgrunnlag. Tanken om å førelesa om boka åtte år seinare var mildt sagt latterleg. Eg har framleis ikkje tilgitt Skram for den tunge eksamenstida i 2011, men eg kan no justera meg til å seie at det er eit interessant prosjekt. Spesielt godt likar eg korleis Skram brukar språket til karakterane. Det kunne eg sagt mykje om (og det har eg og – you should have been there!), men dette innlegget har blitt langt nok. 

Konklusjon: Give Skram a chance. Forteljaren går inn som ein nøytral observatør, men skildringane er levande og handlinga rystande. 

… Eg har forresten kjøpt dei andre tre bøkene, så eg er på god veg til å tilgi henne. 

Kalde fakta


Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/formatting.php on line 4382

Jubi! Hurra! Eg har lese sjukt mange bøker denne månaden! Rett nok ganske korte bøker, men det treng me ikkje snakka så mykje om. I alle fall ikkje no. Eg fekk nemleg ein del tankar om eigen lesing, som i tur fekk meg til å gå inn på yndlingsnettstaden min, ♥ Statistisk sentralbyrå ♥. Det å lesa bokbloggar har nemleg utvikla eit aldri så lite mindreverdskompleks. Eg plar lesa rundt 30-40 bøker i året, gjerne nærare det første talet enn det siste. Det avheng sjølvsagt av kva slags bøker eg les, ungdomslitteratur går generelt raskare enn tyngre klassikarar. Bra? Det skulle ein tru, men det bleiknar samanlikna med andre bloggarar, som gjerne må ty til tre siffer i årsoppsummeringane sine. 

Så: Som den gode akademikaren eg er, tenkte eg å søka litt etter tal som stadfestar kor flink eg er – det å søka ukritisk etter statistikk som stadfestar eksisterande meiningar er jo ein utmerka forskingsstrategi. Eg vart overraska over tala ♥ SSB  ♥ presenterer, og kan by på følgande fun facts: 

  • Ifølge Kulturbarometeret 2017 er boklesing det kulturelle tilbodet folk flest er «meget interessert» i. Ta den, idrett! 
  • Færre lånar bøker frå biblioteket: Medan kvar innbyggar i snitt lånte 4,7 bøker i 1993, var det berre 3,2 som gjorde det same i 2016. Dei fleste av desse er kvinner.
  • Papirboka er det einaste trykte mediet som ikkje har hatt ein nedgang. 
  • Etter ein liten nedgang på 90talet har talet på dei som les ei bok dagleg (her reknar eg verkeleg med at dei har gløymt preposisjonen i) stege til 26%! Over ein fjerdedel! Fantastisk!
  • 25% av folket har lese i ei papirbok, 2% har lese i ei e-bok. Eg veit at 25+2=27, SSB har sikkert eit par desimalar. Spør dei!)
  • Boklesarar med høgare utdanning les fleire bøker enn dei med låg utdanning. Dei med lågare utdanning les mest norsk. 
  • Fleire lyttar til lydbøker no enn før – heile 26%, ifølge Forfatterforeningen. Dette har sikkert samband med dei nye straumetenestene for lydbøker, Fabel og Storytel. 
  • 76% av dei med born les høgt for borna minst 2-3 gonger i veka. 

Den gjennomsnittlege boklesaren les i snitt 17 bøker i året, der 13 er på norsk. Storlesaren les over 20 bøker i året. Ho er sannsynlegvis kvinne (i 2015 var det 28% kvinner som las aktivt, mot berre 18% av menn). Ho lånar meir på biblioteket enn mannen og les mest skjønnlitteratur. Gjennomsnittkvinna bur på ein tettstad eller i ein by, og det er difor truleg at ho har kjøpt den siste boka ho las i ein bokhandel. Det er større sjanse for at kvinnene i bygda ho flytta frå får bøkene frå ein bokklubb. Ho les gjerne Jo Nesbø, Anne Karin Elstad, Margit Sandemose, Stieg Larsson eller Henning Mankell. Tidlegare las ho meir norsk litteratur enn mannen, men dette har jamna seg ut.  Viss ho er mellom 25 og 39, ei demografisk gruppe Forleggerforeningen til mi store glede kallar «unge vaksne», les ho litt mindre enn dei eldre og yngre venninnene sine.

Tilbake til meg. 

Meg hehehehe

Altså: Eg tykkjer at lesing er eit veldig sjarmerande trekk, og er glad for at talet på lesarar er så høgt. Mykje høgare enn eg trudde! Eg les ca. dobbelt så mykje som det SSB definerer som storlesar, flaks for sjølvbiletet! Eg ser likevel at eg ikkej er så spesiell som eg trudde (i alle fall ikkje på denne fronten), men eg får venta ein 40 års tid. Ikkje overraskande er det pensjonistar, med mykje tid og få plikter, som les mest.

I og med at volumet vanlegvis ikkje er så mykje å skryta av plar eg ikkje å køyra personleg statistikk, men no! No har eg overgått meg sjølv. Heile 10 bøker – rett nok er ein del ganske tynne, så sidetalet seier nok meir. Med 1841 sider har eg framleis overgått meg sjølv. Det er fleire grunnar til at årets kortaste månad har bydd på såpass mykje lesing. For det første inneber det det som før heitte vinterferie og no heiter undervisningsfri. Nokon andre har eg lese i jobbsamanheng. Men gode opplevingar, alt saman, spesielt Du som er i himmelen, En frivillig død og Leksikon om lys og mørke. 

 

 

1 2 3 4