Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/load.php on line 651
Notice: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/theme.php on line 2241 Tre røyster frå Gilead – Eseløre Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/formatting.php on line 4382
Den fiktive post-amerikanske staten Gilead høyrer til eit verdsbilete som er radikalt annleis frå vårt. Den største skilnaden er kvinnene si fullstendige underkasting. Av ein grunn me ikkje får innsikt i er dei fleste kvinner ufruktbare, og i dei fleste tilfella kan ikkje par få born. Då tek dei til seg tenestekvinner. Gjennom rituelle valdtekter nærar dei håpet om at ho vil kunne forsyna paret med eit nytt barn. Dette krevjar at kvinner godtek lagnaden sin utan å stilla spørsmål Igjen betyr det at kvinner ikkje kan få lov til å lesa, handtera pengar eller gjera andre ting som kan føre til uanstendige tankar om fridom og sjølvråderett. Alle veit at det ikkje alltid har vore slik, men når The Testaments, eller Gileads døtre på norsk, startar, er det få som hugsar korleis det var eller kvifor det har blitt slik det er no.
The Testaments startar femten (eller rundt der omkring) år etter at Offred møtte ein uviss lagnad. Sjølv om spørsmålet om dette plaga meg i fleire veker – for så god var faktisk boka – var det litt godt å la uvissa vera nettopp det, slik at det låg ein moglegheit for ein lukkeleg slutt. I det minste for ho. Eg ville at det skulle vera slik. The Handmaid’s Tale er transkripsjonar av lydband som Offred har latt igjen, og me forstår at dette arbeidet vert gjort som eit akademisk eller historisk arbeid etter oppløysinga av Gilead. Me veit difor sikkert at Gilead forsvinn, men me veit ikkje når eller korleis. Då eg kjøpte The Testaments var det i von om å få fleire svar på dette – men dette kjem eg ikkje til å dela med deg!
I den første romanen kunne kvinnene hugsa dei tidlegare liva sine, men i løpet av åra som har gått er den gamle verda knapt eit fjernt minne. Dei unge kvinnene har ikkje kjent til noko anna enn eit samfunn der «[kvinners] bestemmelse er å giftes, ikke å bli lykkelige». Dei har meir eller mindre godteke den fullstendige underkastinga. Men Agnes opplever to traumatiske hendingar som gjer tanken på giftarmål vanskeleg, for ikkje å seie uuthaldeleg. Ho vert valdteken av tannlækjaren, slik at ho ikkje skal bli overraska på bryllaupsnatta, og ho vert vitne til korleis ei tenestekvinne blør i hel under fødsel, utan nåde eller miskunn. Slik lurer ho på korleis ho skal kunne takla dette livet – eller om det er mogleg i det heile tatt. Ho er ei av tre forteljarar. Den kanadiske ungjenta Daisy finn ut at Gilead har meir med henne å gjera enn ho først trudde. Vekslingane mellom desse fungerer svært godt, men det er nok Tante Lydia som fører pennen med størst autoritet. I The Handmaid’s Tale etablerte ho seg sjølv som ein kalkulerande og manipulerande tyrann. Ho gjer krav på å sitja med den heile sanninga, og som lesarar vågar me ikkje å gjera anna enn å tru på henne. Me får dessutan vite korleis Tante Lydia gjekk frå å vera familierettsdommar i det gamle USA til å bli ein autoritær oppsedar av tenestekvinner. Her er eit lite hint:
I was parked inside my twilit cell for an unknown length of time, but it couldn’t really have been that long judging from the length of my fingernails when I was brought out of it. Time, however, is different when you’re shut up in the dark alone. It’s longer. Nor do you know when you’re asleep and when you’re awake.
Were there insects? Yes, there were insects. They did not bite me, so I expect they were cockroaches. I could feel their tiny feet tiptoeing across my face, tenderly, tentatively, as if my skin were thin ice. I did not slap them. After a while you welcome any kind of touch. (…)
Did I weep? Yes: tears came out of my two visible eyes, my moist weeping human eyes. But I had a third eye, in the middle of my forehead. I could feel it: it was cold, like a stone. It did not weep: it saw. And behind it someone was thinking: I will get you back for this. I don’t care how long it takes or how much shit I have to eat in the meantime, but I will do it.
Dei tre kvinnene skildrar ulike sider ved Gilead: slik det kom til, slik det er, og korleis det kan bli. Dei nøkterne, og like fullt groteske, skildringane av tortur og avrettingar frå den første boka er vekke i The Testaments, men det er likevel uhyggjeleg lesing. Som eg skreiv i omtala av den førre boka er noko av det nifsaste med det universet Atwood målar fram for oss at det ikkje er utenkeleg. Sjølv om samfunnsstrukturen er radikalt annleis frå var, kjennest det ikkje heilt urealistisk. Det er vanskeleg å lesa utan eit «men tenk viss» i bakhovudet. I likskap med forgjengaren er altså The Testaments svært uhyggjeleg lesing. Nokon skilnadar er det likevel. Dei viktigaste er at The Testaments er langt meir actionprega, og boka framstår dessutan som eit meir tydeleg satirisk verk, moglegvis på grunn av dei beiske betraktningane til Agnes, Daisy og Lydia. Eg var i utgangspunktet skeptisk til oppfølgjaren, men som du ser av tekstmengda er engasjementet stort. Viss du elska den første (det gjorde eg) kjem du til å elska denne (det gjorde eg)!
Notice: compact(): Undefined variable: limits in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/class-wp-comment-query.php on line 853
Notice: compact(): Undefined variable: groupby in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/class-wp-comment-query.php on line 853
Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/formatting.php on line 4382
Legg att eit svar