Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/load.php on line 651
Notice: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/theme.php on line 2241 Tre norske røyndomar – Eseløre Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/formatting.php on line 4382
Eg er ikkje samd i at nynorsk er så mykje vakrare enn bokmål.
Først av alt er det eit bruksspråk. Til oppgåver, dikt og handlelister. Likevel: Når du skriv eit minoritetsspråk (skjønt, så lite er det ikkje- med 12,25% har det over 600 000 brukarar. I språksamanheng er det eit enormt tal!), får du gjerne meir eigarskap til det enn dei som held seg til bokmål (stakkar). Den eigarskapen inneber rom for aktive ordval og ettertanke. Det er fleire ord eg nyttar i nynorsk som eg ikkje nyttar i tale (men færre enn i det såkalla «bokmålet»). To slike: «løyndom» og «røyndom». Ofte tenker eg på kor lite som skil dei to frå kvarandre. Det er berre ein einaste konsonant som skil «hemmelegheita» frå «verkelegheita».
I serien Norsk røyndom har Samlaget sleppe til sju ulike personar som gir sju ulike røyster til den kollektive norske røyndomen. Eg fekk tre eksemplar (på førespurnad) og lot meg fascinera av denne fragmentariske heilskapen – eit oksymoron.
I serien «Norsk røyndom» har Samlaget sleppe til sju ulike røyster. Sju ulike gir røyster til den kollektive norske røyndomen. Eg fekk tre eksemplar (på førespurnad), og lot meg fascinera av denne fragmentariske heilskapen – eit oksymoron. Essaya handlar om matmakt, om funksjonshemming, om rasisme, om identitet, tru og tilhøyrsle. Til saman utgjer dette ein del av den norske røynda.
Du som er i himmelen
Dottera til Vårt land-journalist Alf Kjetil Walgermo rakk aldri å leva utanfor mors liv. Det lettaste hadde vore viss det ikkje hadde vore ein Gud som kunne la dette skje. Walgermo skriv om den truskrisa han hamna i etter at Tomine døydde, berre dagar før termin. Denne gret eg av. Prøv å ikkje verta overvelda av kjensler når storesøster Sunniva insisterer på at Tomine skal få eit Hello Kitty-plaster med i grava, for Tomine skal aldri ha det vondt meir. Essayet er ei sterk bearbeiding av alle kjenslene Walgermo jobbar med når han tenker på dei to i himmelen; Tomine og Gud.
Klyngar eg meg til falske forhåpningar, i desperasjon? Eg klyngar meg så visst til håpet. Eg ønskjer å tru, det er ein nåde, men også eit val. Men trur eg inst inne at det eg trur på, er falskt? Nei, eg gjer ikkje det. Eg trur at livet er sterkare enn døden. Eg trur at lyset er sterkare enn mørket. Det er ein radikal tanke. Men noko anna kjennest meiningslaust.
Brev til Noreg
Mona Ibrahim Ahmed kom til Noreg som sekstenåring. Ho lærte fort at ho burde kunna norsk, slik at tolkar og rådgjevarar ikkje kunne ta avgjersler over hovudet på henne. Ho engasjerer seg i Fargespill. Ho jobbar som miljøterapeut. Ho balanserer mellom det norske og det somaliske. Det kostar henne familietryggleiken. I 2018 får ho endeleg avslag på søknaden om statsborgarskap. Andre får innvilga søknaden, andre som gjer langt mindre for det norske samfunnet enn ho gjer. Ho skriv eit brev til Noreg. Ikkje staten Noreg, men folket.
Eg er rasande på Noreg.
Eg er takksam overfor Noreg for alt eg har fått.
Landet er blitt ein del av meg og kjem alltid til å vere det.
Eg kom for å bli, alle val eg har tatt, har eg tatt fordi dette var min siste stopp på vegen.
Homoflokar
Eg er hekta på Lovleg. Denne veka sto «folk har liksom gløymt at det går an å vera bi»-Gunhild foran foreldra og ropte «kven faen er det som vil bli TOLERERT?». Då tenkte eg på Fridtun sitt essay, som dreier seg om å vera homofil i eit heteronormativt samfunn. Ho utforskar den norske homotoleransen, som er velmeinande, men bygga på forestillinga om at dei homofile, dei er nokon andre. Ho syner korleis denne andregjeringa kjem til syne. Som lingvist og skribent tek ho utgangspunkt i både språklege og historiske kjelder, men framfor alt seg sjølv.
Når homolivet jamleg blir framstilt som tungt og ulukkeleg, som eit einsamt elende med sjølvmordet som sannsynleg utgang, er det ikkje rart at mange klyngjer seg lengst mogleg til håpet om eit heteroliv. Når ikkje det monar, står kategorien bifil for tur. Han vert ei livbøye du kan halda deg fast i medan du forsonar deg med at du berre vert dregen mot personar av same kjønn, og at du såleis oppfyller krava til den skrekkelege kategorien homofil. Denne tankegangen føreset at homoseksualitet er skeivare enn biseksualitet: at biseksualitet berre er «litt skeivt», medan homoseksualitet er «heilt skeivt», og at det å vera bi dimed er ein lettare lagnad enn å vera homo. Som femtenåring tenkte eg akkurat slik. Tidleg i november 2002, samstundes som me arbeidde med «Frå ung til voksen»-prosjektet, skreiv eg i dagboka mi: «Mange andre jenter er også søte, men jeg er da ikke lesbisk! Maks bifil…»
Religion, seksualitet og politikk. Den heilage treeininga i boksen «ting me ikkje snakkar om i Noreg». Samlaget har gjort løyndom til røyndom, og det er eg glad for. Vel verdt lesinga!
Notice: compact(): Undefined variable: limits in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/class-wp-comment-query.php on line 853
Notice: compact(): Undefined variable: groupby in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/class-wp-comment-query.php on line 853

4 comments
Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/formatting.php on line 4382
Hmm, vanskeleg spørsmål! “Du som er i himmelen” var veldig gripande, men Homoflokar hadde mange interessante språklege og historiske døme, så konkurransen er hard. “Du som er i himmelen” vinn kanskje.
Eg har skumma gjennom innlegget ditt for eg har reservert dei fleste på biblioteket. Joof sin “Eg snakkar om det heile tida” las eg ferdig tidlegare i veka, og eg er sjokkert. Anmeldelse kjem! God helg 🙂
Då gler eg meg til å høyra kva du tenkjer når du har kome gjennom dei 🙂 Eg har høyrt at “Eg snakkar om det heile tida” er kjempebra! Eg las Bjørg si melding her om dagen, og eg trur at ho er viktig. Men det er fleire av desse og 🙂 God helg!
Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/e/eselore/www/wp-includes/formatting.php on line 4382
Hvilken likte du best?