Month: februar 2020

Spør vinden

Ein gamal favoritt. 

Samlinga Spør vinden kom ut i 1976. Til meg kom ho i 2018. Eg veit ikkje når eg oppdaga Hauge. Sjølvsagt var det i eit klasserom. Det er der dei fleste vert kjende med Hauge. Slik pleier det å gå føre seg: I norskklasserommet, først med Noregs vakraste dikt, «Det er den draumen» . så «Sleggja», og til sist livshistoria. Det er vanskeleg å ikkje bli treft av (myta om) den stillfarne eplebonden som sat på eplegarden i Hardangar og stirra på eit kirsebærtre. Og ut frå alt dette kom det både små og store ord om små og store ting. Legg til korleis livet hans tenderte til å gå i femårssyklusar, der ei utgjeving ofte vart fulgt av eit sjukehusopphald, og at han møtte den store kjærleiken seint. Slik prøver norsklæraren å fanga tenåringen si interesse. Og slik let eg meg sjølv òg fascinera og romantisera, men! Men! Dette har ført til ein alt for trang boks. Som eg skreiv var det heilt sikkert i eit klasserom eg vart introdusert for Hauge, men eg veit framleis ikkje når eg oppdaga han, om de skjønar kva eg meiner. 

I ei av dagbøkene sine skreiv Hauge at «Den som verkeleg har vore galen i nokre år, prøver å leggja seg etter fornuft når han skriv; den som alltid har vore normal, prøver å skriva som han er galen». Det er vanskeleg å skriva noko kortfatta om forfattarskapen (tykkjer eg), for ho rører innom så mykje. Det kvardagslege vert somme gonger opphøgd til å innebere noko meir, mange gonger vert det undersøkt i sin eigen verdi. Han finn og viser oss meining i både stort og smått. Slik er det òg med Spør vinden. Han skriv om alt som yrer og gror  i det skjulte. Vinden har svar. Han skriv om å møta kjærleiken. Han skriv om å skriva:

Gjennom «fornufta» trekk han oss inn i skrivinga. Samstundes – og det er her men-et kjem inn – går han i dialog med verdslitteraturen. Frå eplehagen skriv han om – eller til – diktarar. Han meistrar ulike former. Frie vers, haiku, til og med sonetter. Dette er òg ein slags litterær posisjonering, som skapar ei spenning mellom den sida av diktinga, og den lauvhytta han trekk meg inn i frå same eplehage. Der finst det mange andre vakre dikt. Ein av mine absolutte favorittar kan du finna i ei anna samling, Dropar i austavind:

Du var vinden

Eg er ein båt
utan vind.
Du var vinden. 
Var det den leidi eg skulde?
Kven spør etter leidi
når ein har slik vind!

Løp og les!