Month: august 2019

My Friend Dahmer

Eg held på med ei (evigvarande) litterær danningsreise, der eg mellom anna prøver å utvida horisonten til å inkludera nye sjangrar. Teikneseriar for vaksne er litt framand for meg. Teikningar? Supert! Tekst? Hallo! Kominasjonen mellom dei to, derimot, krev øving, og øving er diverre ikkje noko eg er særleg god på. Men av og til vert manglande innsatsvilje overkøyrd av forlokkande titlar. Eg spionerte i bokhylla til ein kollega, og kom over ein slik tittel. Dette er ei bok om Jeffrey Dahmer: Amerikansk seriemordar, valdtektsmann og nekrofil kannibal. 17 liv på samvitet, viss han hadde noko slikt. Det er umogleg å tenka på slike folk og sjå anna enn ettermælet. Tittelen, My Friend Dahmer, verka umogleg. Tilrådinga kom med eit atterhald om at dette var bestialske greier. Perfekt sommarlesing, med andre ord.

Boka er teikna og skriven av Derf (John) Backderf. Etter at Dahmer vart avslørt i 1991, starta Backderf å bearbeida minna frå ungdomstida. Han skriv og fortel både om det han merka seg med sjølv, og det han har fått frå andre kjelder. Gutane såg at det var noko creepy med Dahmer, men det er eit langt steg frå å vera creepy til å valdta, drepa og partera 17 gutar og menn. Dahmer var annleis, men ikkje den første på Revere High School dei hadde peika ut som seriemordar.

To you, Dahmer was a depraved fiend, but to me he was a kid I sat next to in study hall and hung out with in the band room. 

Ein del vert sett gjennom gutungane sine auge, andre ting har Backderf samla inn frå ulike kjelder (med kjeldeføring!). Totalt visar teikneserien ein tenåring som er fascinert av dyrekadaver, og som skremmer seg sjølv med tankar han veit er vonde. Eksperimenta hans vert sjukare og sjukare, og innimellom glipp den allereie ganske dårlege fasaden. Etter kvart drikk han seg full kvar skuledag for å undertrykka skremmande seksuelle lyster, utan at nokon vaksne ser ut til å bry seg særleg med det.

For nokon vart Dahmer ein prototyp på guten samfunnet svikta. Ein stakkarsleg misfit som ikkje vart sett eller forsvara av dei som hadde moglegheita til det. Klassekameraten avviser dette blankt. Vondskapen kan ikkje unnskuldast, han valde vegen sin sjølv: «Pity him, but don’t emphasize with him». Kan vondskapen forklarast eller unnskuldast? Gutane hadde ei kjensle av at det var noko annleis med Dahmer, noko creepy, men kven kunne vel ha tenkt seg til kva som eigentleg var på ferde? Teikneserien gir eit uhyggeleg innblikk i korleis det var å vera klassekompis med ein som gjekk frå å vera creepy til å verta ein av dei mest bestialske seriemordarane i amerikansk historie. 

Korleis seie noko vettugt om ein sjanger ein ikkje kan så mykje om? Det er vanskeleg å sjå vekk frå den openbart fascinerande historia, men verktøya Backderf brukar for å få ho fram er mektige. Den kraftige skuggelegginga understrekar uhygga. Han eksperimenterer med skuggelegging og perspektiv på ein måte som driv forteljinga og uhygga framover. Innslaga av små portrett og skisser Backderf teikna då han gjekk på vidaregåande bidreg til kjensla av å følga utviklinga i real time. 

 

 

 For å konkludera: Ei god gatewaybok for ikkje-teikneserielesarar.