Month: mars 2019

Kalde fakta

Jubi! Hurra! Eg har lese sjukt mange bøker denne månaden! Rett nok ganske korte bøker, men det treng me ikkje snakka så mykje om. I alle fall ikkje no. Eg fekk nemleg ein del tankar om eigen lesing, som i tur fekk meg til å gå inn på yndlingsnettstaden min, ♥ Statistisk sentralbyrå ♥. Det å lesa bokbloggar har nemleg utvikla eit aldri så lite mindreverdskompleks. Eg plar lesa rundt 30-40 bøker i året, gjerne nærare det første talet enn det siste. Det avheng sjølvsagt av kva slags bøker eg les, ungdomslitteratur går generelt raskare enn tyngre klassikarar. Bra? Det skulle ein tru, men det bleiknar samanlikna med andre bloggarar, som gjerne må ty til tre siffer i årsoppsummeringane sine. 

Så: Som den gode akademikaren eg er, tenkte eg å søka litt etter tal som stadfestar kor flink eg er – det å søka ukritisk etter statistikk som stadfestar eksisterande meiningar er jo ein utmerka forskingsstrategi. Eg vart overraska over tala ♥ SSB  ♥ presenterer, og kan by på følgande fun facts: 

  • Ifølge Kulturbarometeret 2017 er boklesing det kulturelle tilbodet folk flest er «meget interessert» i. Ta den, idrett! 
  • Færre lånar bøker frå biblioteket: Medan kvar innbyggar i snitt lånte 4,7 bøker i 1993, var det berre 3,2 som gjorde det same i 2016. Dei fleste av desse er kvinner.
  • Papirboka er det einaste trykte mediet som ikkje har hatt ein nedgang. 
  • Etter ein liten nedgang på 90talet har talet på dei som les ei bok dagleg (her reknar eg verkeleg med at dei har gløymt preposisjonen i) stege til 26%! Over ein fjerdedel! Fantastisk!
  • 25% av folket har lese i ei papirbok, 2% har lese i ei e-bok. Eg veit at 25+2=27, SSB har sikkert eit par desimalar. Spør dei!)
  • Boklesarar med høgare utdanning les fleire bøker enn dei med låg utdanning. Dei med lågare utdanning les mest norsk. 
  • Fleire lyttar til lydbøker no enn før – heile 26%, ifølge Forfatterforeningen. Dette har sikkert samband med dei nye straumetenestene for lydbøker, Fabel og Storytel. 
  • 76% av dei med born les høgt for borna minst 2-3 gonger i veka. 

Den gjennomsnittlege boklesaren les i snitt 17 bøker i året, der 13 er på norsk. Storlesaren les over 20 bøker i året. Ho er sannsynlegvis kvinne (i 2015 var det 28% kvinner som las aktivt, mot berre 18% av menn). Ho lånar meir på biblioteket enn mannen og les mest skjønnlitteratur. Gjennomsnittkvinna bur på ein tettstad eller i ein by, og det er difor truleg at ho har kjøpt den siste boka ho las i ein bokhandel. Det er større sjanse for at kvinnene i bygda ho flytta frå får bøkene frå ein bokklubb. Ho les gjerne Jo Nesbø, Anne Karin Elstad, Margit Sandemose, Stieg Larsson eller Henning Mankell. Tidlegare las ho meir norsk litteratur enn mannen, men dette har jamna seg ut.  Viss ho er mellom 25 og 39, ei demografisk gruppe Forleggerforeningen til mi store glede kallar «unge vaksne», les ho litt mindre enn dei eldre og yngre venninnene sine.

Tilbake til meg. 

Meg hehehehe

Altså: Eg tykkjer at lesing er eit veldig sjarmerande trekk, og er glad for at talet på lesarar er så høgt. Mykje høgare enn eg trudde! Eg les ca. dobbelt så mykje som det SSB definerer som storlesar, flaks for sjølvbiletet! Eg ser likevel at eg ikkej er så spesiell som eg trudde (i alle fall ikkje på denne fronten), men eg får venta ein 40 års tid. Ikkje overraskande er det pensjonistar, med mykje tid og få plikter, som les mest.

I og med at volumet vanlegvis ikkje er så mykje å skryta av plar eg ikkje å køyra personleg statistikk, men no! No har eg overgått meg sjølv. Heile 10 bøker – rett nok er ein del ganske tynne, så sidetalet seier nok meir. Med 1841 sider har eg framleis overgått meg sjølv. Det er fleire grunnar til at årets kortaste månad har bydd på såpass mykje lesing. For det første inneber det det som før heitte vinterferie og no heiter undervisningsfri. Nokon andre har eg lese i jobbsamanheng. Men gode opplevingar, alt saman, spesielt Du som er i himmelen, En frivillig død og Leksikon om lys og mørke.