Month: desember 2018

Byrjingar

Ingen kloke ord, berre eit kjapt hallo og nokre lause tankar.

Til våren skal eg undervisa på NTNU, og det kjem heilt sikkert til å prega lesinga i 2018 Dette er nokre av julebøkene mine, du kan nok gjetta kva som står på pensum. Eg ser på leselistene og gler meg! Bloggen lever vidare, slik den er. Ein liten disclaimer: Bloggen er ikkje ein akademisk blogg, men ein blogg der eg skriv fritt og flåsete om dei bøkene eg liker best. I tillegg kjem eg av og til til å bookstagramme (ja, det er ein ting) litt på engelsk på @shh.quietplease. Det er eit supplement, ikkje ei erstatning. Hjartet ligg i bloggen.

Favorittar i 2018 –
Denne dagen, et liv. Ein biografi om Astrid Lindgren. Jens Andersen.

Presens maskin. Gunnhild Øyehaug.

Det magiske hjertet. Kristina Ohlsson.

Sidan eg har slutta å fullføra bøker som ikkje interesserer meg, har eg heller ingen anti-favorittar. Ein utmerka vane som eg har tenkt å ta med meg inn i det nye året. Livet er kort, biblioteket er stort.

Elles – takk for eit godt 2018, me ser kvarandre i 2019.

P.S. Hugsar du eventyret om Den lille pige med svolstikkerne? Ho som går på de nøgne små fødder, der var røde og blå af kulde; i et gammelt forklæde holdt hun en mængde svolvstikker og ét bundt gikk hun med i hånden; ingen havde den hele dag købt af hende; ingen hadde givet hende en lille skilling; sulten og forfrossen gik hun og så så forkuet ud, den lille stakkel!
H.C. Andersen sitt eventyr er ein fast nyttårstradisjon hjå oss. Per Aabel si lesing er fantastisk. 

Else går til psykolog


I år har det meste av kjendis-Noreg gitt ut biografiar. Dei fleste i øverste sjiktet når det gjeld klamheit. Dette er ikkje ei slik bok. Else Kåss Furuseth går til psykolog. Og transkriberer. Og der har du utgangspunktet for eit modig og ærleg prosjekt. Me får følgja henne gjennom 30 terapitimar. Av omsyn til andre har ho fjerna noko av det som er utleverande, og det som står att er rått og sårbart. Motivasjonen bak er ikkje sjølveksponering, men ei bok som set fokus på mental helse og det å gå i terapi. Det er nett denne opeheita som er grunnen til at ho nettopp vann Årets navn i VG. Til avisa seier ho at ho bryr seg om å skapa «et samfunn hvor vi tåler hverandres smerte.» Smerte, det veit Kåss Furuseth ein del om.

Else sitt førre show, Kondolerer, låg tidlegare ute på NRK. Det er ubegripeleg at nokon klarar å laga god stand up av broren og mora sine sjølvmord, men i god humor er det òg rom for sorg og alvor. I boka ser me at ho strevar med å halde balansen mellom «komikken og kronikken», som ho seier. Else sin sjølvironi er på grensa til utstlettande, og psykologen kjeftar og utfordrar henne på dette. Me møter er ei vanleg, frisk dame som treng å arbeida med vanskelege hendingar. Ho snakkar særleg om korleis broren sitt humør og reaksjonar prega heile familien sitt liv. Etter kvart skiftar fokuset vidare til einsemd, vekt og overspising. Me vert kjende med ei dame som gjer grensesprengande ting og så unnskuldar seg, også når ho ikkje treng det.

– Nei. Unnskyld, jeg tøffa meg.
– Nei, du trenger ikke si unnskyld.

– Unnskyld.

Du trenger ikke si unnskyld for at du sier unnskyld.

– Beklager.

Det blir på en måte det samme.

– Hva da?

Beklager og unnskyld betyr det samme.

Eg trur at grunnen til at eg ikkje oppfattar det som utleverande er at det er reine transkribsjonar. Det er ingen miljøskildringar. Personskildringane kjem gjennom nokon av replikkane, men for det meste er psykologen ein hjerne utan kropp, eit hovud som hjelp Else med å forstå sine eigne tankar. Det er interessant å sjå korleis dynamikken mellom terapeut og pasient utviklar seg. Psykologen tolkar og korrigerer, men det er Else som gjer jobben. I samtalen kjem ho med refleksjonar kring det å gå i terapi, om terapien gjer henne dårlegare eller betre, og er det eigentleg så smart å gå så djupt i sin eigen hjerne? Tålar ho mindre enn andre? Kvifor vert ho så trist når ho snakkar ordentleg om ting?

– Du er opptatt av at det ikke er noe farlig å være trist. Men det jeg har vært opptatt av, hvis noen spør meg om dette med gener og arv og sånn, er å avvise ideen om melankoli hos meg sjøl. Det tristeste jeg har tillatt meg å bli er så trist som du blir av å høre på alle platene til Dybdahl på rappen. Føleri er en uting.


– Går det an å si at du ikke har så mye trening?

Psykologen leiter etter eit godt norsk ord for self compassion. Eg har ikkje funne noko. Han siktar til det å vera god og raus med seg sjølv. Det er kanskje ikkje så rart at han måtte til USA for å finna omgrepet, for det er ein lite norsk ting å halda på med. Dette er heller ikkje Else så god på. Eg trur mange kan kjenna seg att i sjølvforsvaret hennar. Med ein særegen humor, ispedd litt sjølvforakt, seier ho at ho har gått frå komikk til kronikk. Om det tenker eg at ho har vist at det går an å halda på med begge delar. Ho har i alle fall vore svært raus med oss andre.

Sci fi og sølvfolie

Ikkje eit reisebrev, men ei tilråding.

Av og til treng ein ein lesesal, og av og til er ein i Oslo, og av og til skjer begge delar samtidig. I dag var ein sånn dag. For å få max utbytte av å vera turist stakk eg innom Nasjonalbiblioteket for å lesa om komediar og tragediar. I tillegg til sånne fine pultar i mørkt tre med grøn bordbeskyttelse hadde dei ei fin-fin utstilling om science fiction, Science fiction – fra Gutenberg-galaksen til cyberspace. Dei byrjar med byrjinga. På et lag av fløyel låg ei side frå Gutenberg-bibelen (!), omringa av temariktig sølvfolie. Det er starten av boka om profeten Esekiel, der han har eit syn av det nokon seinare meiner er eit romskip. Slik vart Bøkenes bok eit uventa startskot til ei utstilling som handlar om sci fi frå Bibelen til Holberg til Supermann.

Eg jobba (i starten noko motvillig) litt med science fiction som student. Science fiction er meir enn romskip, og den delen eg er mest interessert i vert ofte kalla soft sci fi. Tenk sosiale strukturar à la Fahrenheit 451 og The Handmaid’s Tale. Det er ikkje eigentleg ei omskriving av samfunnet, men eit eksperiment der ein vel ut enkelte samfunnstrekk og visar dei i sin ytste konsekvens. Sci fi førekjem gjerne som dystopiar, og kan spegla og/eller endra måten me oppfattar oss sjølve i verda på. Eg veit ikkje heilt kva det er som gjer dette mogleg, men utstillinga sette i gang ein del tankar.

Her kan de mellom anna sjå ulike utgåver av Niels Klims underjordiske reise, omgitt av passande sølvfolie. Niels Klims vert av mange rekna som Nordens første sci fi-roman. På 1700-talet var Danmark-Noreg underlagt streng sensur. Ein kunne ikkje kritisera makthavarane. Eg veit ikkje om det var direkte straffbart, men bøker med kritikk av konge/kyrkje/stat (meir eller mindre det same) vart aldri utgitt. Holberg, den sniken, gjorde fleire grep for å sno seg unna denne sensuren. Fritt etter eige minne:

  • Boka er opphavleg skriven på latin (Nicolai Klimii iter subterraneum)
  • Boka vart gitt ut i Tyskland og slapp sånn unna sensuren i Danmark-Noreg
  • Og det mest avgjerande for oss, eller for sci fi-en: Ein openbar kritikk av kongen og riket var ikkje mogleg, uansett kor latinsk og utanlandsk ein gjorde det. Difor måtte ein kle inn kritikken i ei anna ramme. Niels Klim dett ned i eit hol i bakken, og støter på ein heil del ulike samfunn. Gjennom å skildra desse samfunna med ein lett absurditet, får Holberg formidla eit kritisk sin på det norsk-danske samfunnet – utan å kunne bli skulda for å gjera det.

Ganske frekt! Og det likar eg, sjølv om eg elles kan styra begeistringa for 1700-talslitteratur tykkjer eg at dette er artig. Då var det veldig spanande å sjå fleire utgåver på rad, med vakre illustrasjonar og på ulike språk. Det er lett å sjå at dette er påkosta. Dette var Holberg sin einaste roman.

Eg fekk og sett verdas første sci fi-film: Le Voyage Dans la Lune (1902). Filmen er på ca. eit kvarter og inkluderer mykje veiving med armar og bein, men ho er ganske morosam og estetisk spanande.

De kan sjå filmen her på Jutub. 

Science fiction, inkludert soft sci fi, vert sett på som ein moderne, teknologiorientert sjanger. Då er det kult å sjå korleis dei har jobba med sci fi i 1741, 1902 og 1953. Det viser oss at sjangeren er eit uttrykk for noko langt meir menneskeleg enn teknologijaget. I sci fi og fantasy finn du eit uforløyst potensial, ein måte å utforska ulike løsyningar på. Kva kan The Handmaid’s Tale sei om samfunnet vårt? Kva med The Hunger Games? Sjølv om ikkje alle bøker vert skrivne som kritikk fortel det noko om kva menneske tenker på, drøymer om og fryktar. Då er det spanande å verta minna om at det ikkje var så annleis i 1741, sjølv om den materielle verda såg veldig annleis ut. Utstillinga var forfriskande, og eg gjekk ut med ny inspirasjon og eit sterkt behov for å leita opp Lanterne-bøkene til Bing og Bringsværd. Eg fekk jobba litt òg, altså.

Eg veit at nokon av dykk les mykje sci fi, medan andre helst held seg unna. Kva er forholdet ditt til denne sjangeren? Kva er den beste/dårlegaste sci fi-romanen du har lese?

Dette er ei bok.

Og viss du lurer på korleis dette kan bli ei bok kan du godt følga @snaplioteket, for i dag (søndag) får du sett ein liten tutorial på korleis du kan laga denne og meir avanserte bøker til nytte, hygge… og kanskje julegåver.

Det er mogleg at det vert lagt ut tutorial, men eg lovar ingenting.