Month: september 2018

Du och jag, Astrid.

Denne dagen, et liv. Av Jens Andersen.

Då Astrid Lindgren vart spurt om kva ho ville med forfattarskapet sitt, hadde ho svaret klart: Det er noko ein gjera: «Annars är man ingen människa utan bara en liten lort».

Sitatet kjem sjølvsagt frå Brødrene Løvehjerte. Eg les sjeldan (aldri) biografiar. Det får vera andre si greie. Eg har gjort eit aldri så lite unntak. Eg måtte verta betre kjend med mora til Brødrene Løvehjerte, Mio min Mio og Ronja røverdatter. Jada, Pippi etc., men det var bøkene som var viktige for meg, og det er jo eg som skriv.

Lindgren sa at det som kunne vera uhyggeleg for vaksne, kunne vera ein lukkeleg slutt for born. Karl døyr med Jonatan for at dei alltid skal vera saman, og Astrid meiner at det er dette som er barnet si lukke. Barnet si angst handlar ikkje om å døy, men om å vera åleine. Brødrene Løvehjerte vart kritisert å vera for uhyggeleg for born, til og med skulda for å oppmuntra til sjølvmord. Dette tenkte ikkje eg på då eg som åtteåring las og las og las. Det eg var lei meg for var at eg ikkje fekk sjå kva som var i Nangilima.

Døden representerer eit ukjent land. I Brødrene Løvehjerte får Kavring og Jonatan lov til å gå inn i desse landa saman. Dette var ikkje skummelt for Astrid. «Denne dagen, et liv» var eit motto som gjekk igjen i Astrid sitt liv. Ingenting varar evig. Livet var så spanande og fullt av innhold at ho ikkje rakk å grua seg til døden. Ho såg på døden som ein «raskt forbigåennde meningsløshet» som burde fylles med innhold.

Astrid sitt liv bar på mange sorger. Noko kunne aldri gjerast godt igjen. Ho mista mange. Ho vart gravid med ein gift mann og måtte plassera sonen sin hjå ein dansk fosterfamilie. Ho gifta seg med ein snill mann som drakk seg i hel. Det var eit par skandaler, men dei kan du lesa deg til sjølv. Men om livet var prega av mange ulukkelege hendingar, fekk eg ikkje inntrykk av at det var eit ulukkeleg liv.

Sjølv om ein (i mi meining) kan ta forfattaren ut av teksten, er det vanskeleg å ta tekstane ut av forfattaren. Det er mange bilete i boka. Ho hadde alltid hadde det same uttrykket: haka litt opp, eit løfta augebryn over studerande auge. Litt trass, litt glimt. Ho var så cool. Kompromisslaus. Ei du ikkje køddar med. Sjølv om mange prøvde. Ho var ei av dei første i Vimmerby med kort hår. Ho var ei businesskvinne som nytta kontaktane sine. Ho visste å bruka dei nye media til sin fordel. Ho kunne ein heil del om businnes og PR, og hadde fleire verk på samvitet som ho slett ikkje var stolt av. Alt er tilgitt. Mange av bøkene hennar ber preg av kompromissløysa hennar og det at ho alltid skreiv på borna sine premissar. Dei vaksne tankane rundt bøkene var irrelevante.

Eg trur alle barn i Norden har eit forhold til Astrid Lindgren. Og i mange andre land, tenk kor fantastisk at Pippi finst på arabisk! Ho har gitt oss inspirerande, vakre og vonde historiar, med born som er sterkare, modigare og meir oppfinnsame enn nokon andre. Kanskje kan det lesande barnet verta slik? Uansett om det er slik eller slik, finst berre «sakar man måste göra även om det är farligt. Annars är man ingen människa utan bara en liten lort.»

Du kan høyre min personlege favoritt, Mio min Mio, som høyrespel på NRK. 

Vett nok, mot nok, sterk nok

 

Ein smakebit – Søsterklokkene

Eg kunne nok ha likt Svøm med dem som drukner, men eg må få omslaget litt meir på avstand først.Eg får fort avsmak for bøker og filmar som eg vert overeksponert form. Lars Mytting si Svøm med dem som drukner var ei slik bok.

Det er difor mange filmar eg burde ha sett som eg ikkje har sett, og mange bøker eg burde ha lese som eg ikkje har lest.  Lars Mytting si førre bok vart diskutert, dela og tilrådd over heile landet, og det vert heilt sikkert tilfelle med den nyaste òg. Eg tenkte difor at eg skulle vera på forkant med denne, så eg har fått eit leseeksemplar frå Gyldendal. Så er eg kanskje klar for Svøm med…  om ein ti års tid? Så langt: Stavkyrkjeskildringar, siamesiske tvillingar, Gudbrandsdalen.

Les eit utdrag

Peer, no lyg du!

Eg har fått tak i eit eksemplar av Jon Fosse si omsetting av Peer Gynt. Han omsette (allernådigast) stykket til ei framføring på Det norske teatret i 2005. Då Samlaget tok kontakt for å gi ut stykket på nytt, takka han (allernådigast) ja. Omsettaren sitt etterord er sterkt prega av manglande engasjement for arbeidet. Ei meir fordelaktig tolking vil vera at han meiner at Ibsen skal lesast slik Ibsen skreiv det. Dette er eigentleg Jon Fosse som bearbeider Jon Fosse som har omsett Ibsen for 13 år sidan. Resultatet er ei lettare modernisert utgåva, tilpassa ei meir tradisjonell nynorsklinje enn utgangspunktet.

Resultatet er eit meir tilgjengeleg verk som for meg har ført til ei langt meir underhaldande og interessant lesing. For eksempel har eg vanlegvis sona ut når roadtripen tek til. Noko som er synd då dette utgjer både ein sentral del av stykket og ein god prosent av den fysiske boka. Eg har difor gått glipp av det mest underhaldande: Alle stikka til den nasjonalromantiske rørsla. Døme 1: Når Dovregubben finn ut at han ikkje kjem til å få ein einaste skilling frå Gynt går han til plan B, til “komedien. De søker i bladet nasjonale subjekt”. Døme 2: Ivar Aasen si gjesteopptreden som Huhu, direkte frå dårekista. Det er mogleg at Ibsen hadde vore mindre enn begeistra for å skulle lesast på landsmaal enn det eg er for å kunne lesa han på nynorsk.

Peer Gynt er ei harselering over den norske sjølvgodskapen som kom fram under nasjonalromantikken. Men sjølvgodskap og sjølvtillit går sjeldan hand i hand, så på trass av ein del negative reaksjonar har lesestykket vorte ståande som eit eksempel på noko grunnleggjande norsk. Og det er jo eigentleg ikkje så positivt. Men det at noko er negativt treng ikkje å tyda at det ikkje er sant. Å ta mot Peer Gynt-prisen må vera ei tvilsom ære. Stykket har satt seg i folkesjela, men satiren er gløymt.

I eit heilt fantastisk verk, Tretten taler på Grini (som eg har forferdeleg lyst på, i tilfelle nokon har eit eksemplar), samanliknar Francis Bull Peer Gynt og Brand. Han viser oss at Peer Gynt kan vera sjarmerande i fredstid, men at dei mange veikskapane vert farlege når ein må ta stilling til seg sjølv. Slektskapen med Peer er tydeleg, og nokre gonger ubehagelege. Ibsen hadde ein viss type nordmann i tanken då han skapte Peer Gynt.

Og for ein type, då. Ein som røvar brura berre for å sjå om han kan, for så å gå i gang med god, gamaldags slut shaming. Ein som lyg, går utanom, og tenker så mykje på seg sjølv at han gløymer kven han sjølv er. Ein som brukar livet sitt på å ikkje verta konfrontert med seg sjølv. Det er først når knappestøyparen kjem for å støypa han om at han innser at han må finna seg sjølv, men kor er han då?

Tidleg i stykket vert Peer Gynt forført inn i Dovregubbens hall. Der får han eit val. Han ser at den tosidigheita han heile tida flørtar med ikkje er like vakker blandt trolla, der alt er vakre forvrengingar av ei grotesk sanning. Han får valet: berre eit lite rasp i auget, så slepp han å sjå alt det stygge. Det er eigentleg overraskande at han spring vekk frå dette tilbodet, for jakta etter å bli stormann – konge – keisar! er jo sjølve krafta som driv han vekk frå mor Åse, Solveig, Anitra, seg sjølv. Ved å bevara synet takkar han nei til å bli kongsson i Dovregubbens hall. Med andre ord kan det vera ei grunnleggjande trong til å halde fast ved noko av seg sjølv, men kvar gong han vert tvungen til å sjå seg sjølv i auget går han utanom. Og utanom. Og utanom. Eller så er det eit mindre nobelt ynskje om å sleppa å ta val som ikkje kan reverserast. Det er nettopp Gynt si drivkraft: Å sleppa å ta val i håp om å nå fram til graset som heilt sikkert er grønare på den andre sida.

Stakkars kvinnene som ventar og ventar. Stakkars mor Åse som ligg i armod og freistar å finna grunnar til kvifor sonen har vorte slik ein løgnhals. Er det ho som har satt griller i hovudet hans med alle eventyra og skodespela dei underhaldt seg med medan dei venta på at far Jon skulle koma heim? Peer tenker lite på den vesle mor si, det er først når ho døyr at han kjem på at han i det heile har ei. Det same med Solveig, som sit og grånar på ein knaus medan han er på ein ti-tjue-tretti år lang roadtrip der han røyker vannpipe og forfører Anitra-er. Og Ingrid, ho vert kasta vekk så fort han har brukt ho.

Det er vanskeleg å sei glupe ting om Peer Gynt som ikkje allereie har blitt sagt, eg kjem difor ikkje til å prøva. Først og fremst er dette underhaldande lesing i ei svært høveleg språkdrakt. Viss du går rundt med ein påtrengande trong til å lesa Peer Gynt kan du godt byrja her.

Hvis jeg ikke får danse, er det ikke min revolusjon

 Brev til en ufødt datter. Anne Bitsch, 2018.

Bitsch er kjønnsforskar. Doktorgradsavhandlinga hennar handla om rettssystemet si handtering av valdtektssakar, og ho har brukt mykje tid i rettssalar. Sett korleis dei stiller tekkeleg kledd i kvitt, medan dei forsøker å gjera tingn riktig. Dei forsøker å vera tekkelege, dei forsøker å vera ansvarsfulle, høvelege (og alt dette er dei sikkert òg).

Sitatet i overskrifta er kreditert den russiske anarkisten Emma Goldman. Anne Bitsch har skrive eit essay, eit brev, til ei fiktiv dotter som delar namn med Goldman. Dama som vert minna om at det ikkje passar seg for leiarar å dansa på fest. Bitsch vender seg til eit ”du”, eit som inkluderer meg – og deg. Bitsch har sett på jenter og unge kvinner som korkje ser ut “som barn eller voksne, men som oldinger. Det er som om de har fått meislet en sorg inni seg, måten de bærer kroppene sine på, vitner om brustne illusjoner”.

Som forskar er Bitsch er vand med å vera i rettssakar, ho er vand med å sjå desse kroppane og menneska i dei. Ho skal vera nøytral, men ho er det ikkje. Ho forklarer korleis ho kom fram til at det å vera nøytral, det er å ta den skuldige si side. Og ho er ikkje fri frå sin eigen historie når ho går inn i rettssalen. Den får koma til oss her og der, som saklege glimt som slo meg rett i bakken. Eit overgrep på barneskulen. Ein far som valdtok på ferietur. Ein som haldt henne fast då eit ja vart eit nei. Ho balanserer elegant mellom det nøytrale, det formidlande og det personlege. Ho diskuterer ulike problemstillingar knytt til seksualitet og fridom. Ho diskuterer maktmisbruk, og ein ting er klart: Det er ingenting stakkarsleg med den maktmisbruken andre har utøvd over henne. Valdtekt som maktmisbruk er ganske nytt, og som me har sett i mellom anna Hemsedalssaka er det noko offentlegheita gjerne vil rangera. Kor skuldig er ho sjølv? Kva kunne ho sjølv ha gjort?

Sissel Gran, psykolog, seier ifølge Bitsch at dei ansvarsfulle jentene er vande med å jobba hardt og få resultat for arbeidet, som regel løn. Denne mentaliteten slår ut i det motsette tilfellet, når eit overgrep vert tolka som straff. Kva har eg gjort? Burde eg gått inn på det rommet? Burde eg gått inn i den bilen? Var det kleda mine? Skam og skuld er vende  innover, det er lettare å ta sinnet utover, men flinke piker vert ikkje sinte. Etter den første valdtekta, avreagerer ho med å prøva å ta tilbake seksualiteten sin:

Psykologer ville kanskje kalt meg promiskuøs. Mamma kalte meg en hore. Og jeg, hva kalte jeg meg selv på den tiden? Jeg er usikker, for vi var ikke riktig på hils.

Eg hadde eigentleg tenkt å bruka eit anna sitat som tittel, “ansvar er ein dyd”. Bitsch skriv mykje om ansvar, særskilt den internaliserte ansvarskjensla som får “dei flinke pikene” (altså storparten) til å stilla spørsmål om oss sjølv etter å ha opplevd overgrep: Kva var det eg gjorde feil? Kva kan eg gjera for at det ikkje skal skje ein gong til? Desse spørsmåla står rett i tråd med møtene med media, publikum (og i nokre høve rettsvesenet).  Dette, kombinert med medvitet om at noko som ikkje skal skje skjedde, kan føra til ein intern borgarkrig. Det er viktig å få fram at ho frikjenner menn. Dei fleste menn valdtek ikkje. Det er unormalt å valdta. Ho visar korleis Høgsterett på 70-talet endra presedens. Det ER mogleg å valdta i eit ekteskap. Slike handlingar handlar ikkje om at menn ikkje kan styra sexlysta si, det handlar om maktmisbruk.

Dette er ikkje eit sørgeskrift eller ei personleg utlevering, det er ein tekst som ynskjer å vidareføra den rørsla #MeToo var eit ledd av. Den kampanjen vart etter kvart gjort til underhaldning. I nokre tilfelle vart menna til og med framstilte som offer. Det var ein diskusjon som ho ikkje eigde. Ho vil ikkje fortelja, ho vil bli lytta til. Ho vil at me skal ta historiene våre tilbake, slik at me kan ”gå vidare, alle saman”. Søsterskap føre patriarkatet. Prosentvis er sidene i boka vond lesing, men personleg ser eg mykje framtidstru. Eg trur at resonnementet er som følgjer: Om nokon skal eige makta, kan det like godt vera meg. Eg seier “meg” og “oss” fordi eg stadig vert vendt til som ein del av eit “du”. Det er håp. Det litt faenskap. Og det går an å dansa.